
Erik Flataker til AIK
Sogndal Fotball og AIK er samde om ein overgang for Erik Hovden Flataker A-laget
Sogndal Fotball og AIK er samde om ein overgang for angrepsspelar Erik Hovden Flataker, f. 26. desember 2004.
- Me har jobba med Erik om ei forlenging over lengre tid, men når det viste seg at det vart vanskeleg, kom valet no til at me vurderte tilboda som kom. Me har gått fleire rundar med ein av klubbane, AIK, der innhaldet i ein økonomisk avtale var så bra at me valde å selge Erik no, fortel Håvard Flo.
Erik Flataker signerte sin fyrste proffkontrakt for Sogndal i januar 2022. Saman med Sondre Ørjasæter og Kristoffer Steinset var han ein av tre lokale spelarar som vart tatt inn i troppen. Etter overgangen frå Måløy vart han ein del av utviklingsavdelinga og spelte på aldersbestemt nivå i klubben. Året før han signerte debuterte han for Sogndal 2 og fekk også trene litt med A-laget. I tillegg fekk han sine fyrste landskampar for Norge sitt G17-landslag.
I åra etter har Erik blitt ein av våre meir profilerte spelarar, og ei viktig brikke for A-laget både på og utanfor bana. Når han no reiser vidare står han med 81 offisielle kampar i OBOS-ligaen og NM fordelt på 3,5 sesongar. I tillegg har han til saman 24 kampar for aldersbestemte landslag, og har vore ei viktig brikke for Luis Pimenta sine angrepsvillige landslag.
Den mest kjensleladde og viktige scoringa for Erik kom i bortemøtet med Kongsvinger i fjor. Etter ein blytung haust og 11 kampar utan siger løysna det godt inn i overtida. Joakim Nundal sendte Erik igjennom åleine med keeper, og det som skjedde etterpå vil for alltid stå igjen som ei av dei viktigaste scoringane i klubben si historie. Sjå den kaotiske feiringa i videoen under:
I år fekk Erik ein pangstart på sesongen med 4 mål og 1 målgivande på dei 4 fyrste kampane av serien. Også mot Volda og Kongsvinger i cupen vart det scoring, men den siste kampen på bana vart 2-1-tapet borte mot Hødd 11. mai i år. Interessa frå andre klubbar har vore stor, og no er det Sverige og AIK som ventar for Erik. Håvard Flo fortel:
- Me har hatt nokre tydelege krav til markedet for at me skulle selge no, og når desse vart innfridd valde me å selge Erik. På vegne av klubben vil eg seie at me har blitt veldig glad i Erik i tida han har vore i Sogndal. Erik har hatt ei fin utvikling, men også lært seg å stå i tyngre periodar. Den lærdommen får han brukt når han reiser til ein klubb som AIK i Sverige. Me vil takke Erik for bidraget og ønskjer han lukke til vidare i karriera.
AIK og toppen av svensk fotball er det neste steget, og me ønskjer Erik masse lukke til!
STAO NO PAO!