Erik og gjengen spelar viktig kvalik denne veka

Gruppevinnaren er klar for EM på Malta

Tøff motstand ventar når Erik Hovden Flataker og resten av G19-landslaget skal kvalifisera seg til EM på Malta seinare i år.

Dei er i Frankrike og førebur seg til onsdagens kamp mot Romania.

- Denne gruppa har jobba to år saman for å koma til EM. Etter å ha gått vidare med sterke prestasjonar fra første kvalikrunde, er me no klare for den siste etappen får å nå målet vårt. Alle laga i eliterunden er i denne fasen fordi dei fortener det - fordi dei har brukt sine styrker til sin fordel, seier G19-landslagstrenar Luis Pimenta til fotball.no

- Me skal møta eit veldig motivert Romania som vann elitegruppa si i fjor, noko som førte til deltaking i EM 2022. Frankrike er alltid ein kandidat til å vinna EM, og Nord-Irland har eit kompakt lag og kontringsferdigheiter som har skapt trøbbel for oss før, seier treneren om motstandarane Erik og kompani skal møta. 

- I Norge sitt tilfelle har me etablert ein ambisiøs og sterk kultur basert på respekt, samstundes som me har utvikla eit offensivt grunnspel som spelarane er glad i. Vår beste sjanse til å nå EM er óg at spelarane stoler på sine ferdigheiter, på same måte som trenarteamet gjer. Me har eit fantastisk kull som skal gjera alt for å representera Norge på den største U19-arenaen, avsluttar han.

Norges tropp

Magnus Rugland Ree  Viking 
Viktor Engh - Lyn
Vetle Walle Egeli - Sandefjord
Nikolai Hopland - Aalesund
Vegard Solheim - Haugesund
Simen Vatne Haram - Aalesund
Alwande Roaldsøy - Atalanta
Isak Tomar Hjorteseth - Brann
Magnus Riisnæs - Vålerenga
Niklas Ødegård - Molde
Isak Hansen-Aarøen - Manchester United
Syver Aas - Odd
Niklas Wassberg - Brann
Andreas Schjelderup - Benfica
Oskar Sivertsen - Kristiansund
Antonio Nusa - Club Brügge
Erik Flataker - Sogndal
Jacob Dicko Eng - Vålerenga
Dylan Murugesapillai - Lillestrøm
Eirik Blikstad - Strømsgodset

Kampene går slik: 
22. mars: Norge - Romania, Stade Jaques-Mazzuca klokken 15.00
25. mars: Norge - Frankrike, Stade De La Soource klokken 18.00
28. mars: Norge - Nord-Irland, Stade Jaques-Mazzuca klokken 15.00

Les meir om G19-landslaget her

Me ønskjer Erik og gjengen lukke til!

Annonse fra Obos-ligaen: