
Euforisk jubel på overtid og fornya kontrakt i divisjonen!
Erik Flataker scora på overtid og sikra både siger mot Kongsvinger og fornya kontrakt i OBOS-ligaen! A-laget
Me hadde kniven på strupen før dei to siste serierundane i OBOS-ligaen. Avstanden nedover på tabellen vart farleg kort, men i dag kom endeleg sigeren! Erik Flataker runda keeper og satte ballen kontrollert i mål 4 minutt inn i overtida! Det sikra oss sigeren mot Kongsvinger, og før den siste serierunden er plassen no sikra!
Den fyrste omgangen enda mållaust, men var framleis innhaldsrik. Både Per-Egil Flo og Daniel Arrocha hadde god kontroll på det heimelaget kom med, og framover skapte me sjansar. Óskar Borgþórsson og Kasper Skaanes kombinerte fint på venstresida og Jesper Robertsen slo gode innlegg frå høgre. Ingen scoringar, men ein gjekk til pause med ei god kjensle.
I andreomgang fekk Kongsvinger ha meir ball og skapte fleire gode moglegheiter. Det gjekk lenger mellom våre eigne sjansar, men både Kasper Skaanes og Erik Flataker kom i gode skotposisjonar utover omgangen. På overtid vann Martin Høyland ballen og fann Erik Flataker heilt åleine i boksen. Han vart felt, men dommar vinka spelet vidare. I rein frustrasjon sprang Flataker heimover og vann ballen på midtbana. Joakim Nundal sendte deretter ein pasning inn i bakrom der Flataker hadde halve bana for seg sjølv. Åleine med keeper gjorde han ingen feil, og satte ballen i det tomme buret! Både spelarar, trenarar og supportarar kunne sleppe jubelen laus!
Etter kampslutt kom tårene og det var mykje kjensler for målscoraren. Saka blir oppdatert med intervju av Flataker på vegen heimover. I mellomtida kan ein nyte ropet her:
Og intervjuet med Flataker og Nundal er klart her:
Det var ein letta og glad hovudtrenar me fekk ein prat med i bussen før avreise etter kampen. Sjå intervjuet med Morten Kalvenes her:
No skal me nyte kjensla etter sigeren, men allereie på måndag er fokuset retta mot neste laurdag! Me tek i mot seriemeister Vålerenga til årets siste kamp. Kom på kamp for siste gong i år og bli med å skape ein skikkeleg publikumsfest!
STAO NO PAO!