Fanzone før Bryne-kampen

Bli med på fanzone!

Sogndal Fotball sitt akademi inviterer alle små og store supportarar til FANZONE før oppgjeret mot Bryne!

Dette vert den perfekte plassen for borna å leike seg, varme opp stemninga og lade opp saman før kampen vert blesen i gang. Ta med deg vener, familie og naboen til ein skikkeleg kjekk fotballdag!

PRAKTISK INFO

Kvar: Uteområdet utanfor Sogndalbui
Når: Kampdagen frå kl. 15.00 til 16.45

KVA SKJER PÅ FANZONE?

  • Grilling
  • God musikk og topp stemning
  • Fotballbingar
  • Dribbeløype og rampe-pasning
  • Skotkonkurranse: Test skotfoten din – vinnaren stikk av med ei ekte Johan Hove-drakt!

Dette vert utruleg moro! Me gler oss til å sjå dykk alle saman til ei herleg opplading.

Møt opp, ver med på leiken og heia Sogndal!

 

Annonse fra Obos-ligaen: