Feirar over 3000 medlemmer

Spenst Idrettssenteret har fått ein kjempe start på 2018

Spenst Idrettssenteret avd. Sogndal markerte i dag at senteret har over 3000 treningsglade medlemmar. Det vart feira med kake i resepsjonen både for tilsette og medlemmar. Klokka 12:00 i dag var medlemstalet på 3036.

- Me er svært nøgde med å nå 3000 medlemmer så tidleg på året. I fjor nådde me ikkje dette resultatet før langt ut i mars. Dette er utruleg kjekt, fortel avdeligsleiar Frederick Gjethammer.

Medlemsmassen på treningssenteret varierer gjennom heile året, med høgsesong i januar til april og august til september.

- Jamt over har me ca. 2200 medlemmer i gjennomsnitt. Dette er svært gode tal når ein tenkjer på at det er ca 7-8000 personar i bygda, fortel Gjethammer.

- Ca. 1/3 av medlemmane er studentar. Det vil sei at svært mange av våre medlemmer er fastbuande, og det er me svært stolte over. Særleg med hensyn på at det er mange friluftsinteresserte i bygda, og at mange vel å trekkje ut i staden for å trene inne. Me ynskjer gjerne at folk skal vere flinke til å trene både ute og inne, fortel Gjethammer.

- I 2017 har me lukkast med å rekruttere litt andre typer medlemmar enn tidlegare, dette ved hjelp av ulike prosjekt og med den nye avdelinga på Kulturhuset i sentrum. Treningsgruppa "Gnist" er eit prosjekt som har medført eit breiare spekter av medlemmar. Dette er eit lågterskel treningstilbod for ulike grupper, som kanskje treng litt ekstra oppfylging (kreft, osteoporose, parkinsons), fortel Gjethammer.

- No skal me feire med kake så lenge det er, og så håper me på fleire slike markeringar framover, smiler Gjethammer.

Spenst Idrettssenteret er 100 % eigd av Sogndal Fotball

Ta kontakt med fysioterapeut Maren Mølnås for meir informasjon kring Gnist og liknande treningsgrupper.

Annonse fra Obos-ligaen: