Fiber er viktig for Sogndal Fotball

Ny avtale med Sognenett er signert

Sogndal Fotball kan informera om at me har forlenga samarbeidsavtalen vår med Sognenett gjeldande ut sesongen 2021.

- Sognenett AS er eit firma som blei skipa av lokale energi- og IT selskap tilbake i 2007, fortel Sebastian Øyrehagen, marknadsleiar i firmaet.

Han bytta i 2019 ut bylivet i Oslo og skreddarsydde luksusreiser til utlandet, med jobb i Saftbygda og luksusfjella i Sogn.

- Etter 2007 har Sognenett vore leiande på leveranse av fiber i Sogn, med kommunane Vik, Luster, Sogndal, Lærdal og Aurland som sitt dekningsområde, held Sebastian fram.

Sognenett har allereie i fleire år hatt eit godt samarbeid med Sogndal Fotball, og gler seg no over at dei kan halde fram med meir fart og moro både på og utanfor bana i dei kommande sesongane.

Sognenett er veldig viktig for Sogndal Fotball, då dei bidreg til ein god kampdag ved å levere eit stabilt trådlaust nett her på Fosshaugane Campus.

Dei er då med på å legge til rette for ein fin publikumsopplevelse og ein super kampdag.

Både Sognenett, spelarar og alle tilsette i Sogndal Fotball er veldig glade for at samarbeidet held fram.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: