Flataker-dobbel, men Aalesund stakk av med sigeren

Erik Hovden Flataker scora to gonger, men Aalesund vann til slutt 3-2 på Fosshaugadn i dag

Det vart ein jamn kamp mot Aalesund i dag, men det var bortelaget som stakk av med sigeren til slutt. Erik Hovden Flataker scora to mål, men Noah Solskjær ville ikkje vera noko dårlegare og sikra 3-2-siger for Aalesund.

Me fekk ein god start på kampen i regnværet på Fosshaugadn. Etter 18 minutt spelt tok me leiinga med eit flott angrep på venstresida der Martin André Sjølstad fossa oppover kanten. Han fekk spelt ballen ut til Erik Hovden Flataker som var sikker framfor målet. 1-0 og me var i føringa.

Etter leiarmålet skulle gjestane ta over kampen meir og meir. Etter ein corner på venstresida fekk Aalesund lagt inn over heile feltet. Der stod Noah Solskjær som banka ballen i mål på volley. Dermed stod det 1-1 til pause. Etter kvilen var det Aalesund sin tur til å ta leiinga, og når det var spelt 53 minutt lagg ballen i mål. Eivind Kolve var avsendaren av skotet etter litt rot lenger framme på bana.

Men Erik var ikkje ferdig for dagen. Etter eit kast på venstresida enda ballen i beina til Erik inne i feltet. Der drog han enkelt vekk to spelarar med ei flott finte før han banka ballen forbi Sten Grytebust. To flotte mål frå vår nummer 30, og stillinga var 2-2 etter 57 minutt spelt.

Aalesund hadde også ein som ville score fleire mål. Noah Solskjær banka inn ein ny volley etter 75 minutt og sikra sigeren for bortelaget. Det enda altså 2-3 i dagens kamp på Fosshaugadn.


Neste treningskamp skal spelast mot Florø på Fosshaugane onsdag 28. februar. Velkommen på kamp!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: