Flaten reiser vidare
Sogndal Fotball og Jacob Blixt Flaten er samde om å terminere avtalen og avslutte samarbeidet, som opprinneleg varte ut 2026. A-laget
Klubben innleidde samtalar hausten 2025 om forlenging av avtalen med Jacob utan at samtalane førte fram til ny avtale. I dialog med rådgivarane til Jacob såg klubben etter ei moglegheit for eit klubbskifte inn mot slutten av vinterens overgongsvindauge utan at det førte fram til eit klubbskifte.
Der Jacob er no i si spelarkarriere er det viktig at han er i ein situasjon der regelmessig speletid er viktig for vidare utvikling. På denne bakgrunnen vart partane einig om å avslutte samarbeidet, slik at han står fritt til å søkje nye moglegheiter.
Gjennom tida i klubben har Jacob vist seg som ein fin spelar og person, og Sogndal Fotball vil takke for innsatsen og ønskje Jacob lukke til vidare i karrieren.