Fleire på tribuna!

No vert det opna for fleire tilskodarar på kampane våre

Det har vore eit rart korona-år. Då me starta opp med treningskampar, var det ikkje eingong plass for pressefolk på kampane, og ved seriestart kunne det vera 200 tilskodararpå tribuna. No har regjeringa opna meir opp.

Me er veldig glade for å kunne invitera 600 til tribunane våre dei komande kampane!

Dette betyr ein auke på 400 tilskodarar. Å finna ein rettferdig måte å gjera dette på er utfordrande. Men, etter møter med Saftkokaradn, sponsorar og andre, har me kome fram til at me trekkjer 400 sesongkortinnehavarar og sel 200 billettar. 

Salg av billettar vil skje slik: 

  • Sogndal vs Jerv, nettsalg frå torsdag 22.oktober kl. 18:00
  • Sogndal vs Lillestrøm, nettsalg frå torsdag 29.oktober kl. 18:00
  • Sogndal vs KFUM, nettsalg frå torsdag 05. november kl. 18:00

For meir info: Arrangementssjef Geir Inge Heggestad
Epost: [email protected]   Telefon: 480 06 162

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: