Flott treningsdag i Årdal
Me tok turen til Jotun Stadion for å trena på gras
På måndag skal me møta Bryne på Jæren. Dei raude har hatt ein veldig god start på årets sesong, og gjengen til trenar Jan Halvor Halvorsen er eitt av to lag som spelar på naturgras.
Me er så heldige at me har gode naboar! Henrik Rønningen i IL Jotun stilte opp og lånte bort det flotte anlegget i går (fredag) slik at karane får grastreningar i beina før kampen. Me skal óg trena på gras undervegs i morgon.
Her er litt bilete frå treninga
Me snakka med Eirik Lereng og Rune Bolseth etter treninga.
For årdølene Sivert Mannsverk og Eirik Lereng var det ekstra kjekt å få ha ei slik trening på Jotun Stadion. Me hadde óg med tre hospitantar til Årdal, ved Erik Paulsen (Stryn), Lukas Leirgulen (Stryn) og Leon Hovland (Molde)
Tusen takk for at me fekk låna bana!
Stao no pao!!