
Før avreise til Kristiansand
Me gjer oss klar for toppkamp på Sparebanken Sør Arena
Karane fullførte siste trening heime på Fosshaugane Campus i dag, før reisa går mot Kristiansand grytidleg i morgon. Det er avreise frå Sogndal 05.45 - når fuglane byrjar å fisa med andre ord.
Me fekk også eit hyggjeleg besøk av tidlegare Sogndal speler Mats Solheim! Han og familien kom innom Fosshaugane Campus på besøk der han fekk lov å vera med på treninga med laget. Det blir (dessverre) ikkje noko comeback for Solheim, men det var likevel kjekt å sjå at han framleis har talent med ballen

Me tok ein prat med Tore Andre Flo om fôrebuing før toppkampen borte mot Start som blir spelt på søndag kl.17.00. Det vart ei lenger treningsveke enn planlagt, men no er me klare for kamp igjen!
Sjå intervjue med Tore Andre Flo her
Det nye tilskotet i laget Oskar Borgþórsson kom til Sogndal på mandag, og har no fått nokre treningar med laget. Me snakka med han om korleis den fyrste veka har vore og om kampen på søndag!
Under kan du nyta måla mot Start tidligare i sommar då me vant 2-1 på heimebane, me ønsker alle ein riktig god fredag kveld!
STAO NO PAO
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger