Før Avspark

HamKam - Sogndal, Briskeby, Avspark klokka 20:00

Det er duka for den 7. runden av OBOS-ligaen 2021. I dag har me spennande og tette oppgjer i vente, og det er sju kampar som er ferdigspelt når me skal kjempa mot Kjetil Rekdal sine menn på Briskeby i Hamar.

Mange interessante og spennande oppgjer i kveld
Mange interessante og spennande oppgjer i kveld

I dag skal me bryna oss på god motstand mot eit lag som har hatt godt tak på oss dei siste gongene me har møtt dei. HamKam ligg på tabelltopp, og har so langt ikkje tapt i årets seriespel.

HamKam sine 6 første kampar
HamKam - Stjørdals-Blink 3-0
KFUM - HamKam 0-2
HamKam - Grorud 2-2
Bryne - HamKam 1-1
HamKam - Strømmen 2-0
Fredrikstad - HamKam 0-1

Våre kampar så langt
Sogndal - Ull/Kisa 1-1
Stjørdals-Blink - Sogndal 2-1
Sogndal - Fredrikstad 1-2
Sogndal - Sandnes Ulf 2-2
Ranheim - Sogndal 0-4
Sogndal - Aalesund 2-0

Før avspark i dag har me denne tabellen

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 14 10 1 3 43 26 17 31 V V T V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 14 9 3 2 36 21 15 30 V V U T V
3 Strømsgodset Strømsgodset 14 8 4 2 41 22 19 28 V V U U T
4 Stabæk Stabæk 14 8 3 3 32 16 16 27 U V T V V
5 Odd Odd 14 7 3 4 27 19 8 24 V T U U T
6 Hødd Hødd 14 6 3 5 22 19 3 21 T T U V V
7 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 14 6 2 6 22 20 2 20 T V V V U
8 Ranheim TF Ranheim TF 14 6 2 6 34 34 0 20 U T V T T
9 Egersund Egersund 14 6 1 7 24 25 -1 19 T T V T V
10 Bryne Bryne 14 5 2 7 19 23 -4 17 V V V T U
11 Moss Moss 14 5 2 7 23 32 -9 17 U V T T T
12 Sogndal Sogndal 14 4 3 7 25 36 -11 15 V T T V T
13 Lyn Lyn 14 4 1 9 17 30 -13 13 T T T T V
14 Raufoss Raufoss 14 4 1 9 17 31 -14 13 T T V T V
15 Åsane Åsane 14 4 1 9 20 30 -10 12 T V T V T
16 Strømmen Strømmen 14 3 2 9 18 36 -18 11

Trenar Eirik Bakke gler seg til kampen

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Me satsar på at Valsvik får sleppa til på håret til Hoven etter kveldens kamp!

Karane våre har hatt ein solid opptur dei siste kampane, og det var ein humørfylt og tent gjeng som reiste over Filefjell i går. Vår kjære kollega Ida var på plass og ønskja dei lukke til og god tur!

Ida var på plass før avreise og ønskja karane god tur!
Ida var på plass før avreise og ønskja karane god tur!

Det vart god servering av mat på hotellet i går. I føremiddag skal karane ha ei kort økt på kveldens kamparena, og elles førebu seg godt inn mot avspark.

So i dag må me verkeleg opp, trøkka til og vera klare! Det blir masse folk på tribuna, dette blir ein fotballfest!

Me gler oss veldig til kamp!
 

Sogndal_runde_7.png

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: