Før Avspark

Sogndal - Hødd, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18:00

I dag er det den store festdagen i norsk fotball! Over heile landet gjer dei seg klare til i kveld der det skal spelast kampar i alle slags divisjonar og ligaer. 16. mai er moro!

Alle kampane i OBOS-ligaen har avspark klokka 18:00, her er oppsettet.

Etter helgas kampar kunne me møta denne veka med gode smil rundt munnen. Det er tidleg i sesong, men det er óg stas å gå inn i denne runden på toppen av tabellen. Slik enda kampane i runde 7 og slik ser tabellen ut før dagens kampar.

Ein som óg hadde det moro for tredve år sidan i dag var vår kjære Tore André! Då skåra han sitt aller første mål som profesjonell fotballspelar. Det var på Fosshaugane mot Moss - og sidan skåra han som kjent jamnt og trutt. På biletet ser me han etter kampen 16. mai 1993.

Tore André blir løfta opp etter å ha skåra sitt første profesjonelle mål i karrieren. Motstandar var Moss, året 1993, 30 år sidan i dag.
Tore André blir løfta opp etter å ha skåra sitt første profesjonelle mål i karrieren. Motstandar var Moss, året 1993, 30 år sidan i dag.

I dag er det berre å kle seg i Svart og Kvitt, reinska stemma og ta seg til Fosshaugane! Yr fortel oss at det blir i underkant av ti grader, lettskya og noko vind. Men når ein ser ut av glaset er det både regn og kaldt, så kle dykk godt!

Kom på kamp, bli med på laget som vår tolvte mann! Har du ikkje kjøpt billett, kan den kjøpast her

Under kampen kan du stemma på banas beste sogndalspelar

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: