Før Avspark

Sogndal - Ull/Kisa, Fosshaugane Campus, klokka 18:00

Endeleg er dagen her! Det er seriestart på Fosshaugane! Den vakre bygda vår er klar for- og gler seg til OBOS-ligaen 2021!

Våren er her! Temperaturen er av det fine slaget her i Saftbygda i dag. Under kampen er det venta overskya og rundt 18 grader. Alt ligg altså til rette for ein flott fotballkveld på Haugadn!


I dag får me Ull/Kisa på besøk. Kampstart er klokka 18:00, og me ønskjer spesielt Stefan Hagerup og Edin Øy velkomen. Det blir kjekt å sjå dei i lag med resten av gjengen frå Jessheim.

Dei siste åra har me hatt godt tak på Ull/Kisa heime, men borte har det stokka seg. I år er det mykje nytt hjå dei gulgrøne: Ny trenar, ein del nye spelarar, og ny spelestil. Det blir spennande å sjå korleis kampen blir!

Våre karar har førebudd seg godt inn mot kampen. Det er ein svolten gjeng som gler seg til å starta sesongen og poengjakta. Under treninga i går var det god stemning. Karane er klare!

Slik går runde 1 av årets OBOS-liga:

AaFK – Bryne tjuvstartar klokka 15:30

Desse kampane startar klokka 18:00:
Strømmen – Raufoss
Sogndal – Ull/Kisa
HamKam – Stjørdals-Blink
Ranheim – Grorud
Åsane – Fredrikstad
Jerv – KFUM

Sandnes Ulf – Start avsluttar runden klokka 20:00

Me gler oss til kamp! Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: