Før Avspark

Sogndal - Åsane, Fosshaugane Campus, Søndag klokka 15:00

Me er faktisk allereie framme ved runde 8 av årets OBOS-liga!

Runden har tjuvstarta med ein kamp på laurdag, resten av kampane går søndag. Og på NAMMO Stadion på Raufoss var det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer, der det var heimelaget som vann slaget om Mjøsa 2-1, og dei gule vart med det det første laget som slo HamKam i årets sesong.

Me får besøk av våre vener frå Åsane i helgas oppgjer på Fosshaugane. Då me møtte dei i fjor vart det 2-2 etter skåringar av Badou og Sivert Mannsverk.

Åsane har gjort det bra så langt i år, og er eit velspelande og godt lag. Her må me verkeleg opp mot vårt aller beste om alle poenga skal bli att i Saftbygda.

Våre fem siste kampar
Sogndal - Fredrikstad 1-2
Sogndal - Sandnes Ulf 2-2
Ranheim - Sogndal 0-4
Sogndal - Aalesund 2-0
HamKam - Sogndal 2-1

Åsane sine fem siste kampar
Åsane  - Raufoss 2-1
Stjørdals-Blink - Åsane 0-1
Åsane - Start 2-0
Strømmen - Åsane 1-0
Åsane - Sandnes Ulf 2-2

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 29 21 2 6 84 48 36 65 U V T V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 29 19 6 4 79 34 45 63 V V V T V
3 Kongsvinger Kongsvinger 29 18 5 6 83 47 36 59 V T V T T
4 Stabæk Stabæk 29 18 4 7 68 35 33 58 U V V V V
5 Odd Odd 29 13 7 9 57 46 11 46 V V T T U
6 Bryne Bryne 29 13 4 12 43 41 2 43 T U T U V
7 Ranheim TF Ranheim TF 29 12 5 12 73 69 4 41 T U V V V
8 Egersund Egersund 29 10 8 11 48 57 -9 38 V U U U V
9 Hødd Hødd 29 11 5 13 49 59 -10 38 T U V T T
10 Strømmen Strømmen 29 10 6 13 50 62 -12 36
11 Lyn Lyn 29 10 4 15 46 59 -13 34 T T V T V
12 Sogndal Sogndal 29 8 6 15 48 63 -15 30 T U V V T
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 8 6 15 42 58 -16 30 U T T V U
14 Moss Moss 29 8 5 16 41 62 -21 29 V U T T T
15 Åsane Åsane 29 7 5 17 41 65 -24 25 V T T V T
16 Raufoss Raufoss 29 6 2 21 31 78 -47 20 U T T T T

Karane har hatt gode treningar inn mot kampen, og er klare til å slå tilbake i dag. Og i dag kan me ha fleire folk på tribuna enn på lenge! Ein av dei som vil sjå deg i dag er trenar Eirik Bakke. Me snakka med han etter treninga i går.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Andreas Hoven har stått litt på sidelinja dei siste kampane, men karen frå Konnerud har vist på trening at han er klar for kamp. I dag kjem óg familien opp frå Drammen, og så får me håpa at pappa og sportsfotograf Anders får fanga opp litt skåringsjubel i dag.

Slik gjekk det då me møtte Åsane i desember i fjor: 2-2 etter mål av Badou og Sivert Mannsverk.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Ole Gunnar Solskjær var på treninga i går for å snakka litt med Eirik, og for å sjå Noah.
Ole Gunnar Solskjær var på treninga i går for å snakka litt med Eirik, og for å sjå Noah.

Det har vore litt stang ut i år. No skal me snu det til stang inn, og det skal me gjera i lag med vår tolvte mann. Me har veldig lyst til å sjå deg på tribuna i dag!

Har du ikkje billett kan du kjøpa den her

Sogndal_runde_8.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: