Før Avspark

Florø - Sogndal, Florø Stadion, Avspark klokka 18.00

Dryge 16 mil frå verda vakraste bygd er det i dag duka for eit skikkeleg lokaloppgjer! Me er klare for ein fotballfest av det gode slaget:
Florø - Sogndal.

OBOS-ligaen er allereie framme ved runde 15, og etter dagens kampar er me halvspelt. Med eit godt resultat i dag, vil me ha eit bra utgangspunkt før ein spennande haustsesong.

- På med arbeidshanskane!

Trenar Eirik Bakke har møtt Florø i to offisielle kampar; ein som spelar og ein som trenar. Dette var i cupen, og me vart sendt heim med halen mellom beina i begge kampane. Han veit betre enn nokon kor mykje desse kampane betyr for kystfolket, og er tydeleg på at me må spela opp mot vårt beste i dag og trøkka til frå start. Me snakka med Eirik etter treninga på fredag.


Florø har slete litt i årets sesong, og ligg utsett til på tabellen. Det er likevel ingen grunn til å tru at me får ei lett oppgåve! Gutane til trenar Rognsø vil vera maksimalt motiverte i dag. At fleire av spelarane har ei fortid i Saftbygda gjer dei ikkje mindre gira.

Les meir om Florø her

Etter ein trøblete periode, har me no levert seks kampar med god poengfangst. Det er noko solid over denne gjengen, og dette vil Florø få merka i dag. 

Eirik Birkelund gler seg til kamp.


Runden
Det er seks kampar som går av stabelen i dag, og ein kamp på tysdag. Oppgjeret Jerv - Aalesund er utsett til 29/8.

Strømmen - Viking kl. 15.00
Florø - Sogndal  kl.18.00
HamKam - Tromsdalen  kl. 18.00
Levanger - Ull/Kisa kl.18.00
Nest-Sotra - Kongsvinger kl. 18.00
Sandnes Ulf - Åsane kl. 18.00

Tysdag
Notodden - Mjøndalen kl.19.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå Altomfotball

Vêrmeldinga
Etter nokre dagar med forfriskande regn, er sommaren tilbake for fullt her i vakre Sogn. I dag skal det vera flott også ute ved kysten, og under kampen blir det strålande sol og rundt 20 grader. 

Billettar
Det er faktisk utselt på det ordinære bortefeltet! Men Florø har utvida med eit felt med ståplassar, og billett til kampen kan du kjøpa her

Me kjem med dagens kamptropp klokka 16.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 17.00.

Me håpar at det blir fullt trøkk på og utanfor bana i dag, me gler oss til fotballfesten!

Florø - Sogndal
Florø Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Slik er tabellen før denne runden.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 11 7 4 0 24 7 17 25 V V V U U
2 Start Start 11 6 3 2 19 12 7 21 V U V U V
3 Kongsvinger Kongsvinger 11 6 2 3 26 14 12 20 T V U V V
4 Sogndal Sogndal 11 6 1 4 23 18 5 19 V V U T V
5 Odd Odd 11 5 3 3 16 13 3 18 V T V U U
6 Egersund Egersund 10 5 1 4 18 16 2 16 T T T T V
7 Ranheim TF Ranheim TF 11 5 1 5 16 17 -1 16 U T V V T
8 Moss Moss 11 5 1 5 17 23 -6 16 T V T U V
9 Hødd Hødd 11 4 3 4 13 15 -2 15 T V U U T
10 Aalesund Aalesund 10 3 5 2 15 14 1 14 V U T U T
11 Raufoss Raufoss 11 3 5 3 15 16 -1 13 U V U U T
12 Stabæk Stabæk 11 3 4 4 15 17 -2 13 V T U U T
13 Åsane Åsane 11 3 4 4 13 16 -3 13 T V T V U
14 Lyn Lyn 11 2 2 7 11 16 -5 8 U T T U V
15 Mjøndalen Mjøndalen 11 1 4 6 12 26 -14 7 T T V U U
16 Skeid Skeid 11 0 3 8 12 25 -13 3 U T U T T

Annonse fra Obos-ligaen: