Før Avspark

Grorud - Sogndal. Grorud Idrettspark, avspark klokka 15:00

Me er klare for runde 19 av OBOS-ligaen, og me håpar på ein spennande dag i hovudstaden!

Me rakk så vidt å få draktsettet tørt før avreise til Oslo, det er ikkje mange dagane sidan me spelte mot Raufoss heime på Fosshaugane i runde 18.



Slik vart resultata på onsdag:

Då har me denne tabellen etter at 18 av 30 runder er unnagjort:

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Levanger Levanger 3 2 1 0 8 2 6 7 U V V
2 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
3 Moss Moss 3 2 0 1 5 6 -1 6 V T V
4 Sogndal Sogndal 3 1 2 0 5 3 2 5 U V U
5 Kongsvinger Kongsvinger 3 1 2 0 6 5 1 5 V U U
6 Egersund Egersund 2 1 1 0 7 6 1 4 V U
7 Lyn Lyn 3 1 1 1 4 4 0 4 T U V
8 Vålerenga Vålerenga 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
8 Aalesund Aalesund 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
10 Ranheim TF Ranheim TF 3 1 0 2 5 5 0 3 T V T
11 Bryne Bryne 3 1 0 2 3 3 0 3 V T T
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 3 1 0 2 6 7 -1 3 T T V
13 Åsane Åsane 2 0 2 0 3 3 0 2 U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Raufoss Raufoss 3 0 1 2 2 5 -3 1 U T T
16 Start Start 3 0 1 2 3 7 -4 1 T T U

Runde 19 har sju kampar i dag, og ein kamp i morgon:
Bryne - Start kl. 15:00
Grorud - Sogndal kl. 15:00
Jerv - Sandnes Ulf kl. 15:00
Raufoss - KFUM kl. 15:00
Strømmen - HamKam kl. 15:00
Åsane - Aalesund kl. 15:00
Ranheim - Stjørdals-Blink kl. 18:00

Fredrikstad - Ull/Kisa kl. 15:00 (søndag)



Då me møtte Grorud i runde 12 vart det 1-0 og skåring av Daniel Eid.

Ein resultatmessig opptur på onsdag er god å ha med seg inn i kampen mot eit lag i desperat poengnaud. Grorud gjekk på eit stygt tap i Ålesund, men dei sparte spelarar i den kampen. Me får ei tøff oppgåve i dag.

Me har slite veldig mot Grorud. Dei har ein voldsom entusiasme og har sørga for hovudbry for trenar Eirik Bakke i dei tre kampane me har spelt mot dei. I fjor fekk me grisebank på Grorud, og så har me hanka inn knepne sigrar på heimebane med 2-1 i fjor og 1-0 i år.



Eirik Bakke er klar på at det er berre å dra på seg arbeidshanskane! I dag må me verkeleg kjempa med nebb og klør!!

Her austafor er det blitt haust. For ei veke sidan sprada me rundt i shorts i temperaturar som høyrer sommaren til, i dag er det grått og det er eit stykke opp til 10-talet på gradestokken. Under kampen skal det vera rundt 14 grader og me kan få sjå sola, dersom prognosane til Yr sler til.

Det hadde vore veldig kjekt om eindel av dei mange sogningane som bur i Oslo tok turen til Grorud for å støtta karane i dag!

Billett til dagens kamp kan du kjøpa her

Me gler oss til kamp!

Grorud – Sogndal
Grorud Idrettspark
Avspark klokka 15:00

Stao no pao!!

Sogndal_runde_19.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: