Før Avspark

HamKam - Sogndal, Briskeby, Avspark klokka 18.00

Me er klare for hengekampen mot HamKam. Karane har reist over fjellet og kryssa Mjøsa. I dag skal me ut på tradisjonsrike Briskeby i Hamar, og der skal me møta Espen Olsen sitt nye lag.

Då me gjesta mjøsbyen i fjor, slo karane til med ein god kamp og tok ein velfortent 3-1 siger. Det hadde vore kjekt om me klarte det same i år. 

Det har ikkje heilt gått vegen for oss so langt denne våren. På laurdag hadde me serieleiar Aalesund på gaffelen til det 88. minuttet, men måtte reisa heim uten poeng etter ein veldig god kamp. Dette skal me snu på i dag.

Runden
Den 4. serierunden gjekk av stabelen 2. påskedag. Me fekk ikkje spelt då, grunna at dei la nytt kunstgras på Briskeby.

Slik gjekk dei andre kampane:

KFUM Oslo - Nest-Sotra 2-1
AaFK - Skeid 4-2
Jerv - Notodden 3-1
Raufoss - Strømmen 1-0
Sandnes Ulf - Start 2-0
Tromsdalen - Sandefjord 3-3
Ull/Kisa - Kongsvinger 0-2

Vêrmeldinga
I dag er det sol på Austlandet. For nokre dagar sidan snødde det. Det er fortsatt kaldt til å vera i mai, og under kampen vil det vera rundt 8 grader.

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me har veldig lyst til å sjå deg på Briskeby. Det er mange sogningar her austafor, og me blir veldig glade om me får støtte i Hamar i dag.

4.runde av OBOS-ligaen 2019

HamKam - Sogndal
Briskeby, Hamar
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: