Før Avspark

Sogndal - KFUM Oslo. Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18:00

Etter ein feriepause er me no klar til å ta fatt med seriespelet igjen, klokka 18:00 i dag brakar det laust på Fosshaugane mot KFUM Oslo.

Me er klare for den 14. serierunden, og i dag er det sju kampar som skal spelast. Ull/Kisa – Bryne er utsatt pga smitte. Slik går dagens kampar.

Me var inne i ein fin stim før me tok ferie, der me vann dei tre siste seriekampane. Slik gjekk det i den trettende runden av årets seriespel.

Sidan sist har me mista kaptein Sivert Mannsverk til Molde og midtbanespelar Kristoffer Valsvik har reist vidare til Start. Fosshaugane har fått nytt dekke, og me gler oss til å starta oppatt!

Etter tretten runder har me denne tabellen.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 HamKam HamKam 25 17 5 3 56 19 37 56 V U V U V
2 Jerv Jerv 25 14 7 4 44 38 6 49 V U V U U
3 Aalesund Aalesund 25 13 9 3 55 34 21 48 U U V U U
4 Fredrikstad Fredrikstad 25 14 6 5 52 33 19 48 V V V U T
5 Sogndal Sogndal 25 10 7 8 34 28 6 37 V U T U T
6 KFUM KFUM 25 9 7 9 33 37 -4 34 T T T V U
7 Åsane Åsane 25 9 5 11 35 45 -10 32 V T U U V
8 Raufoss Raufoss 25 9 4 12 45 43 2 31 T V T U T
9 Ranheim TF Ranheim TF 25 8 7 10 47 49 -2 31 T U T V T
10 Bryne Bryne 25 9 4 12 35 38 -3 31 V V T T V
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 25 8 7 10 36 42 -6 31 U V U V T
12 Start Start 25 8 6 11 48 50 -2 30 T V U U V
13 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 25 6 7 12 28 41 -13 25 U U U T T
14 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 25 7 4 14 27 45 -18 25 U T U T V
15 Grorud Grorud 25 7 3 15 34 52 -18 24 T T V V V
16 Strømmen Strømmen 25 2 12 11 23 38 -15 18 T T U T U

Per-Egil Flo overtek rolla som klubbkaptein etter Sivert.



Me har snakka med Per-Egil om kapteinsrolla og om det som ventar oss på Fosshaugane i dag, og me får høyra frå Marius Bøe om kva Per-Egil betyr for dagens lag.

Me håpar at mange tek turen på kamp i dag! Studentane og elevane er attende i bygda, det hadde vore kjekt å sjå ein del av dei på kampen. 

I dag har det regna godt her i den vakre bygda vår, og det er eit litt meir haustleg drag i lufta. Om ein ser på YR fortel dei at det skal bli lettare og til og med litt sol i ettermiddag, og gradestokken vil halda seg rundt 15-talet.



Me tok ein prat med gårsdagens jubilant. Marius Bøe vart 40 år, og han fortel om ein sprudlande gjeng som har hatt godt av ein liten ferie.

Stao no pao!!
 

Sogndal_runde_14.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: