Før Avspark

Kongsvinger - Sogndal, Gjemselund Stadion, Avspark klokka 15.00

Me har reist over fjellet med den flotte bussen vår. I dag vakna me opp på eit sommarleg Austland. Karane gjer seg no klare til siste serierunde før dei får ein liten ferie.

OBOS-ligaen rullar no inn i runde 13 av årets seriespel, og me skal til Gjemselund på Kongsvinger for å ta med oss tre poeng på bussen heimatte.

Det er eit bra heimelag me skal bryna oss på i dag. Så langt har dei ikkje tapt heime i serien, og me må opp på hesten og vera påskrudde frå start om me skal få med oss poeng inn i sommarpausen.

Runden
Dette er den 13. serierunden av årets OBOS-liga, og den tjuvstarta i går då HamKam tapte Slaget om Mjøsa med 1-2 mot Raufoss. Her er rundens kampar:

HamKam - Raufoss 1-2 (spelt laurdag)

Kongsvinger - Sogndal kl. 15.00 
Aalesund - Sandnes Ulf kl. 18.00
Jerv - Sandefjord kl. 18.00
Notodden - Strømmen kl. 18.00
Skeid - Nest-Sotra kl. 18.00
Tromsdalen - Start kl. 18.00
Ull/Kisa - KFUM Oslo kl. 18.00

Vêrmeldinga
Det er sommar! I dag får me i underkant av 25 grader i Kongsvinger, og sjølv om det skal vera litt skya under kampstart, seier Yr at sola skal titta fram under kampen.

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me treng vår tolvte mann i dag, og vil bli veldig glade om me ser deg på Gjemselund! Det hadde vore kjekt om sogningane her austafor slutta seg til våre kjære supporterar frå Vik og Voss i dag. Salbu- og Fjellheimgjengen er allereie klare! Ta turen og støtt karane!

Billettinfo finn du her

13. serierunde i OBOS-ligaen 2019

Kongsvinger - Sogndal
Gjemselund
Avspark kl. 15.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: