
Før avspark
Sogndal - Lillestrøm
Runde 6 av Eliteserien er i gong. I Bergen delte Brann og Viking poenga etter at det vart 1-1 i det klassiske vestlandsderbyet i kveld.
I morgon tek me i mot Arne Erlandsen sitt Lillestrøm. Våren er komen til bygdi, og me håpar at mange kjem for å hjelpa karane til tre viktige poeng.
Det er to lag som har hatt ein trang start på sesongen. Me ligg på plassen foran Fugla, og tre poeng vil vera veldig kjærkomne på Campus.
Slik gjekk det i fjor
Me tok i mot Kanarifuglane på Fosshaugane i slutten av mai i fjor. Karane våre hadde hatt ein god start på sesongen, Lillestrøm ditto svak. Heimesigeren låg i korta.
Bortelaget ville det ikkje slik, og gjekk til pause med to skåringar mot heimelaget som ikkje hadde nokon. Etter ein rask tale og to byter i garderoben, vart gutta jaga opp på bana igjen. Karane svarte umiddelbart. Baba heada inn reduseringa etter 49 minutt, og berre fire minutt etter fekk Kristian Fardal Opseth si etterlengta skåring i Tippeligaen. Han tråkla seg gjennom og skaut eit skot som alle på Campus visste kom til å gå i garnet.
Kristian hadde fleire moglegheiter utover omgangen, men det vart 2-2 og poengdeling.
I returoppgjeret på Åråsen var Arne Erlandsen henta inn som ny trenar og redningsmann for ein klubb som låg an til nedrykk. Fugla styrte kampen og produserte den eine store sjansen etter den andre. Me stod i mot presset, og laga gjekk til pause på 0-0.
I andre omgang fortsatte heimelaget presset, men då Frode Kippe reiv ned Martin Ramsland som hadde fri bane på veg mot mål etter 64 minutt, vart det raudt kort og utvisning. Gilbert Koomson hadde SIL-sveis og sette straffa sikkert i mål.
Me rakk ikkje å spretta nokon champagne, for berre fire minutt etter satt den endeleg for heimelaget. Matthew sendte avgårde ei perle av eit langskot, og laga var like langt. Då trudde dei fleste at heimelaget skulle ta dette. Men ein estlendar og ein totning ville det ikkje slik. Taijo Teniste prøvde seg først med eit kast, fekk ballen tilbake og la eit flott innlegg. På bakerste stolpe dukka Ole Amund Sveen opp, sette panna på læret, og sendte Saftbygda til himmels. Me stod i mot presset mot slutten, og tok med oss tre poeng på bussen heim.
I 2011 sesongen...
hadde me eit godt tak på Kanarifuglane. Heime i mai stod det lenge 0-0, men alt gjekk vår veg mot slutten. Først ut var Even Hovland med skåring etter at Strømmen-gut Espen Olsen stod for assist i det 84. minuttet. Harald Aabrekk hadde ikkje eingong fått tatt seg ein sup av kaffien etter skåringa, før Ole Jørgen Halvorsen sette fart og sprang fra alt av fuglar frå eigen banehalvdel og banka ballen i nota. 2-0 og jubel i leiren, berre tre dagar etter at me slo Stabæk borte 16. mai. I returoppgjeret slo me til med ein 3-0 siger.
Me tek sikte på ein reprise av 2011 denne sesongen.
Eirik Bakke som kaptein mot LSK i 2012 (Foto: Rune Sjøberg)
So langt i år
Ingen av laga har fått den sesongstarten dei hadde håpa på. Lillestrøm ligg under streken med 3 poeng, me ligg på kvalikplassen med 4 poeng.
Då me møtte Lillestrøm til treningskamp i LSK-hallen i mars (4-0 til heimelaget), fekk fuglane sjølvtillit inn mot seriestarten som dei vann heime mot Sandefjord med 2-1. Etter dette har dei hatt fire strake tap:
Molde-Lillestrøm 2-1
Lillestrøm-Haugesund 0-2
Aalesund-Lillestrøm 3-1
Lillestrøm-Brann 0-2
Våre kampar i år:
Sarpsborg 08-Sogndal 3-1
Sogndal-Stabæk 4-1
Tromsø-Sogndal 3-0
Sogndal-Strømsgodset 1-1
Vålerenga-Sogndal 3-0
På VG Live ligg morgondagens kampoppsett, samt alt av statistikk frå sesongen so langt.
Her får du kjøpt billett til kampen.
Sogndal - Lillestrøm
Fosshaugane Campus
Avspark sundag kl. 18:00
Stao no pao!