Før Avspark

Nest-Sotra - Sogndal, Ågotnes Gress, Avspark klokka 18.00

Det er 16. mai, den flotte vårsola er tilbake, og heile landet gjer seg klar til den store festdagen i norsk fotball!

Me skal til øya vest for Bergen, og på Ågotnes Gress blir det bånn gass frå 18.00.

Karane reiste til byen i går. For å få bussturen ut av beina og ekte gras under knottane, vart det ei lett økt på treningsbana utanfor Brann Stadion. I dag skal dei førebu seg på vanleg vis inn mot kampstart.

Nest-Sotra er ein tøff motstandar. Det har me merka før, og so langt i år har dei ikkje fått godt betalt i tette og harde kampar. Me må nok ein gong på med arbeidshanskane og kjempa med nebb og klør.

Runden
Det er den 8. serierunden av årets OBOS-liga, og den består av desse kampane:

Aalesund - Tromsdalen kl. 18.00
HamKam - Kongsvinger kl. 18.00
KFUM Oslo - Strømmen kl. 18.00
Nest-Sotra - Sogndal kl. 18.00
Raufoss - Sandnes Ulf kl. 18.00
Sandefjord - Skeid kl. 18.00
Start - Jerv kl. 18.00
Ull/Kisa - Notodden kl. 18.00

Vêrmeldinga
Det er flott vêr her på Vestlandet, og på Ågotnes vil det vera flott sol med litt skyer. Temperaturen vil vera rundt 15-16 grader

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me treng vår tolvte mann i dag, og vil bli veldig glade om me ser deg på Sotra! Ta turen og støtt karane i kampen om dei viktige poenga. 

Billett til kampen kan du kjøpa her

8. serierunde i OBOS-ligaen 2019

Nest-Sotra - Sogndal
Ågotnes Gress
Avspark kl. 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: