Før Avspark

Sogndal - Notodden, Fosshaugane Campus, Avspark sundag klokka 13.00

Då er me framme ved den 30. og aller siste runden av OBOS-ligaen 2018!

For ein gongs skuld kan me gå til den siste dagen i seriespelet med ro i magen. Me kjem på 4. plass i år, uansett kva som skjer på resultatfronten denne helga. Det blir likevel spennande og dramatikk på Fosshaugane, vår motstandar vil kjempa med nebb og klør for å ikkje hamna på kvalikplassen om nedrykk til 2. divisjon.

Mer er klare for Sogndal - Notodden, eit lag me slo 2-0 i vårkampen. Her er bileta frå oppgjeret i april.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Runden

Slik går helgas kampar, alle med avspark klokka 13.00:

Florø - Mjøndalen
HamKam - Ull/Kisa
Jerv - Tromsdalen
Levanger - Sandnes Ulf
Nest-Sotra - Åsane
Sogndal - Notodden
Strømmen - Aalesund
Viking - Kongsvinger

Les også: Spennande sesongavslutning (Oppdatert)

Tabellen ser slik ut

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Strømsgodset Strømsgodset 30 20 6 4 82 36 46 66 V V T V V
2 Haugesund Haugesund 30 21 2 7 86 51 35 65 V T V V T
3 Kongsvinger Kongsvinger 30 18 5 7 84 50 34 59 T V T T T
4 Stabæk Stabæk 30 18 4 8 70 38 32 58 V V V V T
5 Odd Odd 30 14 7 9 60 48 12 49 V T T U V
6 Bryne Bryne 30 14 4 12 46 42 4 46 U T U V V
7 Ranheim TF Ranheim TF 30 12 5 13 74 72 2 41 U V V V T
8 Egersund Egersund 30 11 8 11 50 57 -7 41 U U U V V
9 Strømmen Strømmen 30 11 6 13 52 62 -10 39
10 Hødd Hødd 30 11 6 13 49 59 -10 39 U V T T U
11 Lyn Lyn 30 10 4 16 46 61 -15 34 T V T V T
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 9 6 15 45 59 -14 33 T T V U V
13 Moss Moss 30 9 5 16 44 63 -19 32 U T T T V
14 Sogndal Sogndal 30 8 7 15 48 63 -15 31 U V V T U
15 Åsane Åsane 30 7 5 18 42 68 -26 25 T T V T T
16 Raufoss Raufoss 30 6 2 22 31 80 -49 20 T T T T T

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Me snakka med trenar Eirik Bakke etter treninga laurdag.

Vêrmeldinga
Det ser ut til at hausten er av det lange slaget i år. Kong Vinter har ikkje tenkt seg til vakre Sogndal med det aller første, og under kampen vil det vera behagelege 11-12 grader, litt svak vindt og overskya opphaldsvêr.

Møt opp på kamp og støtt karane! Billetten din kan du kjøpa her.

OBS! Avspark er klokka 13.00!

Sogndal - Notodden
Fosshaugane Campus
Sundag klokka 13.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: