.JPG.jpg)
Før Avspark
Odd - Sogndal, Skagerak Arena, søndag klokka 18.00
Me er framme ved runde 18 av årets Eliteserie, og me har reist austover i landet. I morgon klokka 18.00 stiller me skarpskodde og klare på Skagerak Arena i Skien. Det er duka for Odd-Sogndal.
Slik gjekk det då me møtte dei i vårens oppgjer på Fosshaugane.
Det var ein nokså sjansefattig kamp, der Martin Ramsland nok hadde den største sjansen eit stykke ut i 2. omgang. Kampen enda 0-0, og med det clean sheet for dei to keeperkompisane på aldersbestemte landslag, Mathias Dyngeland og Sondre Rossbach.
Johan Hove fekk sin debut frå start mot Odd i vårens kamp, og den talentfulle sogndølen spelte som ein dreven veteran på midtbana.
Dette er kampane i runde 18:
Laurdag
Rosenborg - Kristiansund kl. 18.00
Sundag
Odd - Sogndal kl.18.00
Sarpsborg - Haugesund kl. 18.00
Stabæk - Sandefjord kl. 18.00
Tromsø - Molde kl. 18.00
Viking - Lillestrøm kl. 18.00
AaFK - Brann kl. 20.00
Måndag
Strømsgodset - Vålerenga kl. 19.00
For alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live
Me tok ein prat med trenar Eirik Bakke før kampen.
Vêrmeldinga
Me er i august, og i morgon ser det ut til at det skal bli ein flott dag i Skien med grader i overkant av 20-talet, solskin og lett skydekke.
Kom på kamp!
Er du i området, ta turen og støtt karane våre i kampen om viktige poeng!
Skagerak Arena ligg her, og billett til kampen kjøpast her.
Etter fredgastreninga tok me ein prat med Eirik Birkelund og Per Magnus Steiring.
Odd - Sogndal
Skagerak Arena
Avspark sundag klokka 18.00
Stao no pao!!