Før Avspark

Sogndal - Stjørdals-Blink. Fosshaugane Campus, avspark klokka 18:00

Det går mot slutten av seriespelet. Det er berre fire kampar att, to heime- og to bortekampar, 12 poeng å spela om. Me gler oss til den 27. runden av OBOS-ligaen!

OBOS-ligaen - 2021 - Rundeoppsett - Runde 27 (1).png

Ein kamp startar klokka 13:00 i dag, seks kampar har avspark klokka 18:00 og det siste oppgjeret går av stabelen klokka 20:00. Og: I dag kan me faktisk få dei første avklaringane med tanke på opp- og nedrykk. Ta ein titt på tabellen.

OBOS-ligaen - 2021 - Tabell - Runde 26.png



Det vart ein fin kveld i Sandnes på fredag! Karane viste god haustform og vann fullt fortent med 2-0 mot Sandnes Ulf!

Slik vart resultata i runde 26

OBOS-ligaen - 2021 - Resultater - Runde 26.png

No er det på med arbeidshandskane på ny! Det kjem eit bortelag hit som desperate etter poeng, dette blir ein kamp der me må kjempa med nebb og klør.

Det betyr at me må halda fram slik som me har gjort i det siste: Kjempa om kvar ball, vinna duellane, flytta bein og vera på frå start!

Me har snakka med trenar Eirik Bakke før kampen



Det er god stemning i gruppa, karane er svoltne. Me trur det skal bli moro på Fosshaugane! Kjekt var det óg i går då karane møtte opp før trening i skumle kostymer. Er det Halloween, må det markerast!

251057756_337280381558150_8590058478554491775_n.jpg
Sjekk denne skumle gjengen!

Me håpar at mange tek turen og støttar karane i kveld! I lag med vår tolvte mann skal me gå heim frå kamp med gode smil og tre nye poeng i banken. Det er gratis inngang for dei som er født i 2009 og tidlegare. Bli med i Juniorsvingen og lag leven!



Kjøp (eller hent) din kampbillett her

Det er ein flott morgon i den vakre bygda vår. Dette blir ein strålande haustdag, og under kampen får me lettskya vêr, rundt 12 grader og berre litt Dalatrekk.

Me gler oss til kamp!

OBOS-ligaen, 27. serierunde

Sogndal – Stjørdals-Blink
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: