Før Avspark

Strømmen - Sogndal. Strømmen Stadion, avspark klokka 15:00

I dag skal fjorten av klubbane i OBOS-ligaen spela den 25. runden av årets seriespel.

To lag tjuvstarta runden i går. Då stod «Slaget om Sørlandet», og det var Jerv frå Grimstad som nok ein gong slo storebror Start. 3-2 vart det på Levermyr, dei gulkledde har hatt ein imponerande sesong.

Det var full runde i OBOS-ligaen på onsdag. Då fekk me desse resultata

Me skal spela mot Strømmen i dag. Det er eit lag me har hatt trøbbel med på Strømmen Stadion. Sist me slo dei der var i mai 2010. Då skåra Espen Olsen og Ole Jørgen Halvorsen for oss. I fjor regna det vannrett då det vart 1-1, det same resultatet me fekk då me møttest i juli.

Mathias Blårud kom til Sogndal frå nettopp strømmen, og han har oppskrifta klar på korleis me skal slå dei.





Eirik Bakke var nøgd med responsen han fekk hjå karane mot HamKam, han ønskjer å sjå den same kamplysten i dagens oppgjer.

Strømmen har hatt ein tung sesong så langt og er i desperat poengnød om dei skal halda plassen i OBOS-ligaen. Me står foran ei tøff oppgåve.

Renze Fij stod ein ny god kamp mot HamKam. Då me snakka med han før Strømmen-kampen, var han tydeleg på at han vil sjå meir av det karane viste fram då. Jørgen Johnsen steppa inn som reporter.


Klarar me å halda same trøkket og entusiasmen som me hadde mot HamKam sist onsdag, skal dette bli ein fin dag! Det er ting som tyder på at energien og humøret er på stigande kurs. I dag skal me ta med oss tre særs poeng heimatt!

Tabellen ser slik ut før dagens kampar

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 HamKam HamKam 30 21 6 3 62 21 41 69 V V V V U
2 Aalesund Aalesund 30 16 10 4 68 43 25 58 T V U V V
3 Jerv Jerv 30 15 9 6 49 46 3 54 T V T U U
4 Fredrikstad Fredrikstad 30 15 7 8 60 42 18 52 V T U T T
5 KFUM KFUM 30 12 8 10 46 45 1 44 V V U V V
6 Sogndal Sogndal 30 11 9 10 40 35 5 42 T T U U T
7 Åsane Åsane 30 11 7 12 44 53 -9 40 U U T V V
8 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 10 9 11 43 49 -6 39 U U V V T
9 Start Start 30 10 8 12 59 59 0 38 U U V T V
10 Bryne Bryne 30 11 4 15 44 48 -4 37 T V V T T
11 Raufoss Raufoss 30 10 5 15 51 54 -3 34 U T V T T
12 Ranheim TF Ranheim TF 30 9 7 14 56 62 -6 34 T T T T V
13 Grorud Grorud 30 10 4 16 45 59 -14 34 T V V U V
14 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 30 8 7 15 32 50 -18 31 V U U T U
15 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 30 7 8 15 34 50 -16 29 V T T T U
16 Strømmen Strømmen 30 4 12 14 32 49 -17 24 V T T V T

Yr kan melda om ein overskya vêrtype, gradestokken vil ligga rundt ti-talet, og det kan vera litt vind.

Me håpar at sogningane her austafor tek turen på kamp for å støtta karane!
Kampbillett kan kjøpast her

Runde 25 - OBOS-ligaen 2021
Strømmen – Sogndal
Strømmen Stadion
Avspark klokka 15:00

Stao no pao!!

Sogndal_runde_25.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: