Før Avspark

Sandnes Ulf - Sogndal, Sandnes Stadion, Sundag klokka 18.00

Me er klare for runde 26 av årets OBOS-liga, og i dag er me på ny tur til Rogaland. Klokka 18.00 brakar det laust på Sandnes Stadion med oppgjeret Sandnes Ulf - Sogndal.

Då me møtte dei lyseblå i vårkampen, enda det med 2-2 og poengdeling. Eirik Schulze og Joachim Soltvedt skåra måla våre.


Trenar Eirik Bakke ser fram mot kampen.


Runde 25 består av desse oppgjera:
HamKam - Aalesund kl.15.00
Nest-Sotra - Notodden kl. 15.00
Strømmen - Florø kl. 15.00
Jerv - Levanger kl. 16.00
Kongsvinger - Åsane kl. 18.00
Sandnes Ulf - Sogndal kl. 18.00
Ull/Kisa - Mjøndalen kl. 18.00
Viking - Tromsdalen kl. 18.00

Når Eirik Schulze kjem ut på graset på Sandnes Stadion, får han eit gjensyn med klubben han spelte for i 2016, sesongen før han gjorde sogndøl av seg.

Den blide sørlendingen vår gler seg veldig til kampen, og er tydeleg på at me må vera påskrudde frå start. Sandnes Ulf har ikkje tapt på seks kampar, me set ein stoppar for den statistikken i morgon!





Joachim Soltvedt har stilt inn skotfoten, og er klar til å gjera det heitt for heimelaget sin keeper.

Vêrmeldinga
Då me var på Nord-Jæren for to veker sidan hadde me strålande sol, kraftig regn og til og med hagl under kampen. Hausten er over oss og me kan venta oss overskya, lett bris og rundt 9 grader under kampen, skal ein tru Yr.

Vår tolvte mann!
Me håpar at mange av dei sogningane som er i området tek turen til Sandnes Stadion for å støtta karane. Me har vore veldig heldige i heile år med ivrige supportarar som kjem i svart og kvitt og er vår tolvte mann på bortebane. 

På Sandnes Stadion er det Felt C som gjeld, og billetten den kjøper du her

Dagens kamptropp kjem klokka 16, og lagoppstillinga rundt klokka 17. 

Sandnes Ulf - Sogndal
Sandnes Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: