Før Avspark

Ull/Kisa - Sogndal, Jessheim Stadion, Avspark klokka 15.00

Den sjuande runden i årets OBOS-liga står for tur, og me har teke turen austover for vår fjerde bortekamp.

Me er klare for å møta Vegard Skogheim sitt Ull/Kisa.

Det er berre eitt poeng i skilnad mellom laga som barkar i hop på Jessheim Stadion i dag. Me ligg på fjerde plass på tabellen etter to sigrar og fire uavgjorte kampar. Ti poeng har me sanka so langt.

Ull/Kisa ligg på ein sjette plass etter to sigrar, tre uavgjort og eit tap, noko som har gitt ni poeng i sekken etter seks kampar.

Joachim Soltvedt har hatt ein bra sesongstart, og me snakka med han etter treninga i går.


Runden
Me er inne i ein travel periode, og alle åtte kampane i runde sju går i dag.

Vår kamp er rundens første kamp, og klokka 18.00 går resten av kampane. Av laga over oss på tabellen, kan me sjå at Viking er i Trønderland, og møter eit Levanger som kan vera vriene på heimebane.

Sandnes Ulf har heimekamp, og dei tek i mot Florø, som har slete litt i det siste. Me håpar at Rognsø og kompani er klare til å ta årets første bortesiger. Leiarlaget AaFK har reist til Bergen, og skal møta eit heimesterkt Åsane. 

Slik går kampane:

Sundag 13. mai 
Ull/Kisa - Sogndal kl. 15.00
HamKam - Nest Sotra kl. 18.00
Kongsvinger - Mjøndalen kl. 18.00
Levanger - Viking kl. 18.00
Notodden - Tromsdalen kl. 18.00
Sandnes Ulf - Florø kl. 18.00
Strømmen - Jerv kl. 18.00
Åsane - Aalesund kl. 18.00

Eirik Bakke er optimist før kamp. Me snakka med han før avreise i går.


Vêrmeldinga
Me venta lenge på våren, men når den først kom, tok den med seg flott vêr. No på morgontimane er det ganske så skya her borte, men det meldast om flott solskin på austlandet under kampen, og temperaturen skal halda seg rundt behagelege 20 grader. 

Billettar
Kjøp billetten din på nett her

Les meir om Ull/Kisa her

Slik ser tabellen ut før dagens kampar:

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Kongsvinger Kongsvinger 5 3 2 0 11 6 5 11 V U U V V
2 Egersund Egersund 4 3 1 0 12 8 4 10 V U V V
3 Bryne Bryne 5 3 0 2 5 3 2 9 V T T V V
4 Levanger Levanger 5 2 2 1 11 6 5 8 U V V T U
5 Stabæk Stabæk 4 2 2 0 7 4 3 8 U V V U
6 Sogndal Sogndal 5 2 2 1 6 4 2 8 U V U V T
7 Lyn Lyn 5 1 3 1 6 6 0 6 T U V U U
8 Moss Moss 5 2 0 3 6 9 -3 6 V T V T T
9 Mjøndalen Mjøndalen 4 1 2 1 8 8 0 5 U T U V
9 Ranheim TF Ranheim TF 5 1 2 2 8 8 0 5 T V T U U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 5 1 2 2 9 10 -1 5 T T V U U
12 Vålerenga Vålerenga 5 1 2 2 8 11 -3 5 U V T U T
13 Åsane Åsane 4 0 4 0 7 7 0 4 U U U U
14 Raufoss Raufoss 5 1 1 3 6 7 -1 4 U T T T V
15 Aalesund Aalesund 5 1 1 3 6 12 -6 4 U V T T T
16 Start Start 5 0 2 3 4 11 -7 2 T T U U T

Ull/Kisa - Sogndal
Jessheim Stadion
Avspark klokka 15.00

Me er klare til kamp. Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: