Før Avspark

Sogndal - Sandnes Ulf, Avspark klokka 18.00 på Fosshaugane

Den lange ventetida er over! I dag startar sesongen for alvor. Me tek i mot Sandnes Ulf på Fosshaugane til årets første seriekamp.

OBOS-ligaen tjuvstarta i går, i det hyperinteressante oppgjeret mellom Start og Aalesund på Sør Arena. Ikkje berre var opningskampen mellom to opprykkskandidatar, opptakten til kampen vart av den spesielle sorten. Bortelaget tok med seg tre poeng tilbake til Sunnmøre etter at sluttresultatet vart 0-1 i Kristiansand.

I dag er det vår tur, og no skal me få svar på kvar landet ligg.

Det er lagt ned mykje jobb både frå trenarteam, i spelargruppa og i resten av klubben etter fjorårssesongen. Me har fått inn nokre nye fjes, som er med og bidreg positivt i ei ung spelargruppe.

Stefan og Steffen
I Stefan Antonijevic har me ikkje berre fått inn ein høg amerikanar, me har også fått ein veldig god fotballspelar. Stefan er frå Chicago og skal i år vera den rutinerte i midtforsvaret. Me snakka med han etter treninga i går.





Ein anna veteran er Steffen Ernemann, den sympatiske dansken som kom til oss etter at han var med på opprykket til Viking i fjor. Steffen har eit hav av rutine, og har kome inn i gruppa på ein svært positiv måte.

Runden
Slik går kampane i den første runden av OBOS-ligaen 2019:

Start - AaFK 0-1 (spelt laurdag)

Nest-Sotra - Raufoss kl. 15.00
Skeid - HamKam kl. 15.00
Strømmen - Ull/Kisa kl. 15.00
Kongsvinger - Notodden kl. 18.00
Sandefjord - KFUM Oslo kl. 18.00
Sogndal - Sandnes Ulf kl. 18.00

Tromsdalen - Jerv er utsatt pga vêret i det høge nord.

Dagens kamptropp kjem klokka 16, og lagoppstillinga rundt klokka 17.

Vêrmeldinga
Vinteren er på hell, og i morgon er me allereie i april. I dag er det flott i den vakre bygda vår, og det blir klarvêr utover dagen. Under kampen vil me få rundt 3 grader og svak vind. Difor er det lurt å ta på seg hue, vottar og sokkabrok. 

SogndalBui
Me har varme skjerf, sitteunderlag og gode huer i supporterbutikken som ligg ved Idrettssenteret. Sving innom der!

Kom på kamp!
Det hadde vore veldig kjekt med masse folk og bra trøkk på årets første kamp. Me treng støtta.
Tor og karane i BillettBui er på plass frå klokka 16.00

1. serierunde 2019
Sogndal - Sandnes Ulf
Fosshaugane 
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: