Før Avspark

KFUM - Sogndal, KFUM Arena, Avspark klokka 15:00

Då er endeleg dagen komen: Seriestart i OBOS-ligaen 2023!

Me startar seriespelet borte denne sesongen. Karane reiste til hovudstaden i går og har førebudd seg godt inn mot kampen mot KFUM Oslo. Avspark på KFUM Arena er klokka 15:00.

Slik gjekk det i serien i fjor då me møttest på Ekeberg



Me møtte Kåffa tre ganger i fjor. I NM vann me på mest dramatisk vis: Etter straffekonk på Ekeberg. Berre nokre dagar seinare måtte me sjå at heimelaget tok revansje i serien, og dei slo oss óg på Fosshaugane.


Les også: Seriestart OBOS-ligaen 2023

Alle dei åtte kampane har avspark klokka 15:00

Det hadde vore veldig kjekt om alle sogningane her austafor tok turen til Ekeberg og støtta karane i jakta etter å ha med seg tre poeng på bussen heimatt.

Her er KFUM Arena på Ekeberg

Heimelaget er offensive i tankesettet før dagens seriepremiere. På heimesida til Kåffa kan me lesa at det er ein optimistisk gjeng som gjer seg klare til kamp.

Kjøp kampbillett her

Det fantastiske påskevêret me fekk oppleva denne påska er erstatta av ein meir overskya variant. Yr melder at det skal vera overskya, rundt 8 grader og svak vind under kampen.

Bli med i Maolklubben!

Les meir om Maolklubben her

Me gler oss til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: