Før Avspark

Sogndal - HamKam. Fosshaugane Campus, avspark klokka 18:00

OBOS-ligaen køyrer på vidare, i dag er det full runde med desse kampane.

Det var ein skuffa gjeng som reiste heimatt etter kampen mot AaFK på søndag. Slik vart resultata i runde 23 av årets OBOS-liga.

Før dagens kampar har me denne tabellen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 22 17 5 0 55 13 42 56 V V V V V
2 Start Start 22 12 5 5 43 26 17 41 V T V U T
3 Kongsvinger Kongsvinger 22 10 7 5 46 35 11 37 V V V U V
4 Lyn Lyn 22 10 5 7 34 24 10 35 V U V U V
5 Aalesund Aalesund 22 9 8 5 39 32 7 35 T V T T V
6 Sogndal Sogndal 22 10 5 7 39 36 3 35 V V V U T
7 Egersund Egersund 22 9 6 7 35 35 0 33 V U U V U
8 Ranheim TF Ranheim TF 22 9 5 8 31 36 -5 32 T T U U V
9 Hødd Hødd 22 7 6 9 28 37 -9 27 T U U T V
10 Moss Moss 22 7 5 10 34 44 -10 26 T U T V U
11 Raufoss Raufoss 22 6 8 8 36 37 -1 25 V T T V T
12 Åsane Åsane 22 6 7 9 29 37 -8 25 V V U U T
13 Odd Odd 22 6 6 10 26 30 -4 24 T U T U T
14 Stabæk Stabæk 22 3 9 10 27 39 -12 18 T T U U U
15 Mjøndalen Mjøndalen 22 3 6 13 26 51 -25 15 T T U T T
16 Skeid Skeid 22 1 9 12 25 41 -16 12 T U T T U



Eirik Bakke vil gi HamKam kamp om poenga i dag!

Det er duka for eit veldig spennande oppgjer når me tek i mot serieleiar HamKam i dag! Hamar-laget har levert veldig bra heile sesongen. Me ønskjer å stikka nokre kjeppar i hjulet deira her på Fosshaugane.

Renze Fij har levert solid spel i år, no gler den nybakte pappaen seg til ny kamp





Mathias Blårud måtte stå over kampen i Ålesund, og er veldig gira før dagens oppgjer!

Avspark på Fosshaugane Campus er klokka 18:00 – og no treng me støtta di!
I dag er det gratis inngang - Her kan du henta gratisbilletten din

Det har butta i mot i det siste, men me har ikkje gitt opp. I lag med trenarane jobbar karane knallhardt for å snu trenden, og for å klara det, er støtta frå vår tolvte mann viktig! I lag skal me snu dette, og det skal skje i kveld!

Årdølen Eirik Lereng vil gjerne at årdølene tek turen i dag





Skuffelsen etter kampen på søndag er rista av. Me er optimistar! I kveld skal me gå heim med gode smil. Terje Teigen er så klar for kamp at han måtte få ut litt energi i går - marknadssjefen vår håpar at mange tek turen i dag!

Yr fortel oss at det blir småregn, rundt 7 grader. Flomlyset skal stå på maks. Dette blir ein skikkeleg haustkamp med harde duellar, full innsats og bånn gass!

Det er gratis inngang! Kom på kampen og støtt karane!

Sogndal – HamKam
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

SF21_kampannonse580x500_hamkam.jpg

 

Annonse fra Obos-ligaen: