Før Avspark

KFUM - Sogndal. KFUM Arena, avspark klokka 13:00

Me gjer oss klare for ein ny runde av OBOS-ligaen 2021, som no er inne i sluttfasen. I helga handlar det om runde 28, der me har sju kampar i dag og ein kamp i morgon.

OBOS-ligaen - 2021 - Rundeoppsett - Runde 28.png

Våre karar skal i elden allereie klokka 13:00 mot KFUM på Ekebergsletta. Før dagens kampar har me denne tabellen.

OBOS-ligaen - 2021 - Tabell - Runde 27.png

Dette har vore ei spesiell veke. Me var veldig langt nede måndag kveld. Utover i veka har stemninga på treningsfeltet vore stigande. Me tek ein dag av gangen. I dag skal me vinna for Emil!




Me blir veldig glade om dei mange sogningane her austafor tek turen opp på Ekeberg i dag! Det er ein strålande dag her austafor med sol og blå himmel. Under kampen blir det lettskya med sol, og rundt fire grader.

KFUM Oslo – Sogndal
KFUM Arena, Ekebergsletta
Avspark klokka 13:00

Billett til kampen kan kjøpast her

Stao no pao!!
 

Sogndal_runde_28.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: