
Før Avspark
Kvalik for Eliteserien 2022 - KFUM - Sogndal. Intility Arena, Oslo - Avspark klokka 18:00
No er det vinn, eller forsvinn!
Då var me her igjen. Som alltid når det dreg seg til mot slutten av året, og fotballen skal til med kvalik-spel, er Sogngdal med! Og i år skal me kjempa om opprykk til Eliteserien 2022.
Vegen dit er lang og kroglete – her er kortversjonen:
Vinn me i dag, skal me møta Fredrikstad i Plankebyen måndag 6. desember. Ved siger der, skal me til Sørlandet laurdag 11. desember og møta Jerv. Og vinn me den óg, blir det finale på Intility onsdag 15. mot det Eliteserie-laget som må ut i kvalik.
Alt er mogleg – og i dag gjeld det første hinder: KFUM Oslo!
Kampstart på Intility Arena er klokka 18:00 – det er gratis inngang!
Karane reiste over det vinterflotte Hemsedalsfjellet i går. Etter innsjekk på hotellet, var det berre å få på seg treningstøy og ta seg over til Intility Arena for å kjenna litt på graset og for å få bussturen ut av kroppen. Det vart ei lett økt i frisk temperatur.
Og friskt blir det i dag óg! Det skal vera rundt 5-6 minus under kampen, så det er berre å kle seg godt om du har tenkt deg på kamp!

Kvalifisering, Eliteserien 2022
KFUM – Sogndal
Intility Arena, Oslo
Avspark klokka 18:00
Stao no pao!!