Før Avspark

Ull/Kisa - Sogndal. Jessheim Stadion, avspark klokka 15:00

Då er me framme ved den aller siste runden av OBOS-ligaen 2021! Slik går dagens kampar:

I dag får me ei avklaring på kven som må ned i PostNord-ligaen i lag med Strømmen, og me får sjå korleis kvalikspelet blir. Frå før er det klart at HamKam og Aalesund er klare for Eliteserien neste år. Slik ser tabellen ut før siste serierunde.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Brann Brann 19 16 3 0 55 11 44 51 V V V V V
2 Ranheim TF Ranheim TF 19 11 4 4 36 27 9 37 V T V V U
3 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 19 11 3 5 37 26 11 36 U V U V V
4 Stabæk Stabæk 19 9 7 3 35 19 16 34 T V V T U
5 KFUM KFUM 19 9 5 5 35 30 5 32 V U V T U
6 Raufoss Raufoss 19 8 7 4 29 29 0 31 U V U V U
7 Start Start 19 8 5 6 33 18 15 29 V T V U T
8 Sogndal Sogndal 19 8 5 6 34 35 -1 29 T T U V U
9 Mjøndalen Mjøndalen 19 8 3 8 23 28 -5 27 T T T U V
10 Kongsvinger Kongsvinger 19 7 5 7 26 25 1 26 V V V T V
11 Åsane Åsane 19 5 7 7 27 42 -15 22 V U U T V
12 Fredrikstad Fredrikstad 19 5 6 8 27 31 -4 21 T T T T V
13 Bryne Bryne 19 4 4 11 19 34 -15 16 T T T V T
14 Skeid Skeid 19 3 2 14 21 38 -17 11 U V T U T
15 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 19 2 4 13 18 40 -22 10 U V T T T
16 Grorud Grorud 19 0 6 13 20 42 -22 6 T T T T T



Me går for tre poeng i dag! Jessheim Stadion har ikkje vore vår arena under Eirik Bakke, og det hadde vore veldig kjekt om me kunne avslutta seriespelet med Eirik som trenar med ein siger akkurat der.

I dag skal me møta eit lag som er desperate! Ull/Kisa ligg to poeng bak Stjørdals-Blink, og dei må vinna for å ha noko håp om eit nytt år i OBOS-ligaen. Me bør óg ha tre poeng for å sikra oss heimebane i den første kvalikkampen – og dette blir eit realt bikkjeslagsmål!

Karane har sett pigge ut på trening denne veka. Det har vore den gode energien på feltet som ein kan sjå før gode kampar, og me har godtrua på at dette blir ein fine dag!  

Det er ikkje berre seriespelet som snart er over. I løpet av november har me sett at fleire av karane har fått seg meir eller mindre flotte bartar sidan det er Movember. Her er tre av dei.






Dei som har tenkt seg på kamp i dag må kle seg godt! Yr fortel oss at det skal vera fire minus og litt vind – og då er det kaldt på Jessheim Stadion.

Me håpar at mange av sogningane i Oslo tek turen. Det er ein gjeng som kjem over fjellet óg. Me skal gi alt for at dei kan reisa heim med gode smil rundt munnen!
Billett til kampen kan kjøpast her

Runde 30, OBOS-ligaen 2021

Ull/Kisa – Sogndal
Jessheim Stadion
Avspark klokka 15:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: