Før Avspark

Aalesund - Sogndal. Color Line Stadion, avspark klokka 15:00

I dag er det duka for eit godt bikkjeslagsmål! Me skal barka i hop mot Aalesund på Color Line Stadion i den 23. runden av årets OBOS-liga. Avspark er klokka 15:00.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Slik gjekk det då me møtte Tangotrøyene i den sjette runden. Då vann me 2-0 etter flotte mål av Mansour Gueye og Per-Egil Flo

Dei andre laga spelte sine kampar i går, me fekk desse resultata:
Bryne - Fredrikstad 0-1
Grorud - Raufoss 2-1
HamKam - KFUM 3-0
Jerv - Ranheim 2-1
Stjørdals-Blink - Start 2-2
Strømmen - Sandnes Ulf 2-2
Åsane - Ull/Kisa 3-3


Før dagens kamp, har me denne tabellen

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 29 21 2 6 84 48 36 65 U V T V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 29 19 6 4 79 34 45 63 V V V T V
3 Kongsvinger Kongsvinger 29 18 5 6 83 47 36 59 V T V T T
4 Stabæk Stabæk 29 18 4 7 68 35 33 58 U V V V V
5 Odd Odd 29 13 7 9 57 46 11 46 V V T T U
6 Bryne Bryne 29 13 4 12 43 41 2 43 T U T U V
7 Ranheim TF Ranheim TF 29 12 5 12 73 69 4 41 T U V V V
8 Egersund Egersund 29 10 8 11 48 57 -9 38 V U U U V
9 Hødd Hødd 29 11 5 13 49 59 -10 38 T U V T T
10 Strømmen Strømmen 29 10 6 13 50 62 -12 36
11 Lyn Lyn 29 10 4 15 46 59 -13 34 T T V T V
12 Sogndal Sogndal 29 8 6 15 48 63 -15 30 T U V V T
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 8 6 15 42 58 -16 30 U T T V U
14 Moss Moss 29 8 5 16 41 62 -21 29 V U T T T
15 Åsane Åsane 29 7 5 17 41 65 -24 25 V T T V T
16 Raufoss Raufoss 29 6 2 21 31 78 -47 20 U T T T T

Det er ei stund sidan me spelte kamp sist. Karane har fått samla overskot med litt fri, og på treningane denne veka har det vore trøkk, intensitet og klare meldingar, men óg smil og latter. Det gir ei god kjensle inn mot kampen.

For det er formlaget framfor nokon me skal ut mot i dag. Aalesund og Lars Arne har fått opp dampen og teften av Eliteserien neste år. Det må difor kjempast om kvar ball, me må flytta bein og ha trua. Og me skal vinna i dag!

Trenar Eirik Bakke ser fram til kamp! Me snakka med han rett før avreise til Ålesund.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Karane reiste oppover i går. Vel framme på Møre var det god middag. Endre Kupen steppa inn som reporter og snakka med Martin Ove Roseth og Daniel Eid, som begge kjenner at det er litt ekstra å spela mot AaFK.

Her i Ålebyen er det ein typisk oktobermorgon. Det er grått og regn, og litt småkaldt. Yr fortel at dette skal halda fram utover føremiddagen, men at det inn mot- og under kamp kan vera sjanse for solgløtt. Temperaturen vil vera rundt 5-6 grader.

Det var ein gjeng Saftkokarar, funksjonærar og tilsette frå klubben som reiste oppover i går. Desse vil setja farge på bortefeltet, og det er plass til fleire der. Ta turen og støtt karane!

Billett til bortefeltet kan kjøpast her

Me gler oss til kamp!

AaFK - Sogndal
Color Line Stadion
Avspark klokka 15:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: