Før Avspark

Sogndal - Aalesund, Fosshaugane Campus, avspark klokka 18:00

Det er duka for den 6. runden av OBOS-ligaen 2021. Me har desse kampane i dag

I dag får me storfint besøk når sjølvaste AaFK kjem til oss! Det er eit lag me har hatt mange tette oppgjer mot, det går mot ein spennande kamp!

Aalesund sine fem siste kampar
AaFK - Bryne 2-1
Raufoss - AaFK 4-2
AaFK - KFUM 1-0
Start - AaFK 2-0
AaFK - Fredrikstad 2-2

Som me ser står dagens motstandar med to tap på bortebane i år. Dei jaktar nok på sin første siger og vil vera veldig skjerpa i dag.

Våre kampar så langt
Sogndal - Ull/Kisa 1-1
Stjørdals-Blink - Sogndal 2-1
Sogndal - Fredrikstad 1-2
Sogndal - Sandnes Ulf 2-2
Ranheim - Sogndal 0-4

Me har ikkje vunne heime i år, og Eirik Bakke håpar at me i dag får vår første heimesiger for året.





Tord Salte og Mansour Gueye debuterte mot Ranheim, og er veldig klare for ny kamp i dag.

Sigeren mot Ranheim sist gjorde godt! Slike kampar skapar energi og sjølvtillit i gruppa. No har me nullstilt oss etter den kampen, dagens oppgjer er ein ny batalje og me må på ny på med arbeidshandskane.

Med fullt trøkk frå start, energi og speleglede, skal me ta luven av Tangotrøyene, slik at alle poenga blir att her i den vakre bygda vår. Me går for årets første heimesiger!



I dag er Sivert Mannsverk endeleg tilbake i kamptropp! Som Eirik Bakke sa i intervjuet lenger oppe, er årdølen no klar for å vera med. Han ser veldig pigg og fin ut på trening, og har lagt ned mykje hardt arbeid for å vera der han er no.

I dag blir det gjensyn med Sigurd Haugen! Me gler oss til å sjå han att. 

Under kampen skal vera sol og rundt 17 grader, fortel Yr oss.

Firdaliven har god oppdatering frå kampen, på TV ser du den på Discovery+ eller MAX.

Me gler oss til kamp!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: