Før Avspark

Kristiansund - Sogndal, Nordmøre Stadion, Avspark klokka 18:00

Me er klare for den femte runden av årets seriespel. OBOS-ligaen er i vårstemning og køyrer på med ny runde allereie i dag!

Våre karar har reist eit stykke nordvest i landet, på Nordmøre Stadion barkar dei i hop mot Kristiansund Ballklubb i dag klokka 18:00.

Runde 4 hadde desse resultata:

Runde 5 består av desse kampane

Før dagens kampar har me denne tabellen

Dette er ein tøff bortekamp og me må verkeleg på jobb i dag mot eit godt fotballag. Kristiansund tok ein sterk bortesiger mot Mjøndalen i helga og me må opp på hesten og vera opp mot der me var i den første omgangen mot Bryne, i dag må me stå heile kampen.

Heimelaget skal få kjenna at det er noko på gang i laget frå den vakre bygda vår, og me har tenkt å dra heimatt med poeng ombord i bussen! Det har me til vane mot blåtrøyene. I dei siste fire oppgjera står me med to sigrar heime og to 1-1 kampar i Kristiansund. 

Sist me var i Kristiansund regna det gjennom heile kampen, i dag er det derimot meldt om lettskya med solskin og rundt 6 grader.

Me ser fram til ein spennande kamp om viktige poeng!

 

Annonse fra Obos-ligaen: