Før Avspark

Sogndal - Bryne. Fosshaugane Campus, avspark kl. 15:00

Me er klare for ny omgang i OBOS-ligaen, i runde 20 er det mange interessante oppgjer!

Klokka 15:00 på Fosshaugane Campus: Sogndal – Bryne

Slik ser denne runden ut

Me får finfint besøk frå Jæren til dagens oppgjer. Bryne er eit hardtarbeidande lag som under Jan Halvor Halvorsen har bite godt frå seg i årets sesong. Me måtte verkeleg jobba for poenga då me vann 1-0 på Jæren i juli.



Bryne tok ein sterk siger sist helg mot Start, men kom raskt ned på jorda i cupen mot Sivert Mannsverk og Molde i cupen no på onsdag. Det gjorde jo me óg, då me måtte bita i kunstgraset mot Åsane.

I runde 19 fekk med desse resultata

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 30 25 5 0 87 18 69 80 V V V V V
2 Start Start 30 16 7 7 58 35 23 55 U V U V V
3 Kongsvinger Kongsvinger 30 15 9 6 61 42 19 54 V V V T U
4 Aalesund Aalesund 30 14 10 6 56 35 21 52 V V U V U
5 Egersund Egersund 30 15 7 8 51 38 13 52 V V V U V
6 Ranheim TF Ranheim TF 30 14 6 10 48 48 0 48 U V T V V
7 Lyn Lyn 30 14 5 11 48 37 11 47 T T T V T
8 Sogndal Sogndal 30 12 7 11 49 48 1 43 U V T V T
9 Odd Odd 30 8 9 13 37 50 -13 33 U T U T T
10 Hødd Hødd 30 8 9 13 34 52 -18 33 U T T U U
11 Stabæk Stabæk 30 7 10 13 45 53 -8 31 V V T T T
12 Åsane Åsane 30 7 10 13 38 53 -15 31 U T U T U
13 Raufoss Raufoss 30 7 9 14 43 56 -13 29 T T V T U
14 Moss Moss 30 7 7 16 41 65 -24 28 T T U T U
15 Mjøndalen Mjøndalen 30 6 7 17 36 71 -35 25 T U V V T
16 Skeid Skeid 30 2 9 19 35 66 -31 15 T T T T V

I dag blir det harde tak og kjemping om viktige poeng! Det er ein viktig kamp for begge laga. Karane skal sørga for at alle poenga blir att i Sogndal.

Det er eit flott haustvêr i den vakre bygda vår no i morgontimane. Etter nokre dagar med regn, ligg det i dag an til solskin fram mot kampen, og under kampen kan Yr melda at gradestokken skal visa i underkant av 15 grader.

I går kunne ein smilande statsminister fortelja at landet skal opnast opp att etter pandemien, og det skjer klokka 16 i dag. Vår kamp startar klokka 15 – og det betyr at me på dagens arrangement må halda på restriksjonane kampen ut.

Me er glade for at gjenopninga no er rett rundt hjørnet!
Me er glade for at gjenopninga no er rett rundt hjørnet!

Me treng støtta frå vår tolvte mann! Kom på kamp og hjelp karane til jubel og tre poeng!

Runde 20, OBOS-ligaen 2021
Sogndal – Bryne
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15:00

Stao no pao!!

Sogndal_runde_20.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: