
Før Avspark
Sogndal - Fredrikstad, Fosshaugane Campus klokka 20:00
Me har litt av ein laurdag i vente. Det er dag 2 av Lerum Cup, og i kveld blir det toppkamp på Fosshaugane Campus når me tek i mot Fredrikstad til toppkamp i OBOS-liagen!
Avspark på Fosshaugane Campus er klokka 20:00.
Årets Lerum Cup har så langt vore veldig kjekk. Fotballglade jenter og gutar har spelt mange kampar og hatt det kjekt sosialt i lag. Bygda vår er snudd på hovudet denne helga med eit yrande folkeliv.
Jon Navarsete og Kristoffer Steinset tok ein prat om Lerum Cup og og alle som er her i bygda, og alle er invitert til Sogndal - Fredrikstad i runde 13 av OBOS-ligaen. Kjøp billett her
Runden starta i går med sørlandsderbyet Start-Jerv. Heimelaget tok alle tre poenga etter at dei vann 2-1. Tre kampar spelast i dag, fire går i morgon.

Fredrikstad har så langt gjort det veldig bra i årets seriespel. Det er eit lag som har tetta att bak, etter tolv kampar har dei berre sluppe inn seks mål. Dei har ikkje skåra all verden heller, tolv nettkjenningar så langt – men tre av desse kom i den siste kampen før ferien, mot Start. Og dei står utan tap så langt.
Det skal me gjera noko med i dag!
Toppspelarutviklar Patrik Karoliussen har spelt for laget frå Plankebyen, og han kjenner godt til spelarane på laget. Me tok ein prat med han og Sondre Ørjasæter, som gler seg til kamp etter å ha vore på tur med det nye U21-landslaget der han spelte to treningskampar mot Skottland.
Tabellen før kampen ser slik ut.
|
Spelt S | Vunne V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | Form | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Lillestrøm Lillestrøm | 5 | 4 | 1 | 0 | 10 | 2 | 8 | 13 | U V V V V |
2 | Egersund Egersund | 5 | 4 | 1 | 0 | 11 | 6 | 5 | 13 | V V V V U |
3 | Kongsvinger Kongsvinger | 5 | 3 | 1 | 1 | 14 | 4 | 10 | 10 | U V V V T |
4 | Aalesund Aalesund | 5 | 2 | 3 | 0 | 9 | 6 | 3 | 9 | U V U U V |
5 | Start Start | 5 | 3 | 0 | 2 | 11 | 9 | 2 | 9 | V V T V T |
6 | Sogndal Sogndal | 5 | 3 | 0 | 2 | 10 | 9 | 1 | 9 | T T V V V |
7 | Odd Odd | 5 | 2 | 1 | 2 | 7 | 7 | 0 | 7 | V T V T U |
8 | Raufoss Raufoss | 5 | 2 | 1 | 2 | 8 | 9 | -1 | 7 | V U V T T |
9 | Hødd Hødd | 5 | 2 | 1 | 2 | 4 | 5 | -1 | 7 | U T V T V |
10 | Stabæk Stabæk | 5 | 2 | 1 | 2 | 5 | 8 | -3 | 7 | U V T T V |
11 | Ranheim TF Ranheim TF | 5 | 2 | 0 | 3 | 4 | 8 | -4 | 6 | T T T V V |
12 | Moss Moss | 5 | 2 | 0 | 3 | 8 | 14 | -6 | 6 | T V T V T |
13 | Åsane Åsane | 5 | 1 | 2 | 2 | 6 | 8 | -2 | 5 | U T T U V |
14 | Lyn Lyn | 5 | 1 | 0 | 4 | 4 | 5 | -1 | 3 | V T T T T |
15 | Mjøndalen Mjøndalen | 5 | 0 | 2 | 3 | 5 | 8 | -3 | 2 | T U U T T |
16 | Skeid Skeid | 5 | 0 | 0 | 5 | 6 | 14 | -8 | 0 | T T T T T |
Karane fekk ei pustepause etter kampen mot Mjøndalen, og starta opp att etter ferien med opplada batterier og god stemning. I dag skal me spela heime på Fosshaugane med mange på tribuna, det gler me oss veldig til!
Trenar Tore André er gira og gler seg til kamp!
Klokka 10 i dag bikka me 3200 selde billettar til kampen – det er plass til fleire! Kjøp billett her
Ha ein kjekke dag her med oss! Dei som skal i trafikken: Køyr forsiktig. Og i dag tek sola godt, hugs solkrem og drikk godt med vatn. Eller saft frå Lerum.
Stao no pao!!