Før Avspark

Sogndal - Fredrikstad, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 19:00

Me er klare for den tredje runden av årets OBOS-liga.

Fem av kampane er allereie ferdigspelt, med desse resultata:
Aalesund - KFUM Oslo 1-0
HamKam - Grorud 2-2
Jerv - Stjørdals-Blink 2-1
Strømmen - Bryne 0-2
Åsane - Raufoss 2-1

Ranheim - Start er utsatt

I dag har me to kampar:
Sandnes Ulf - Ull/Kisa kl. 19:00
Sogndal - Fredrikstad kl. 19:00

Fredrikstad er ein av dei store. Den tradisjonsrike klubben frå plankebyen har vore litt nede nokre år no, men årets utgåve ser ut til å vera av det skarpe slaget. Det nyopprykka laget står med full pott etter to kampar.

Me står med kun eitt poeng, og har hatt ein sesongstart me ikkje er fornøgde med. Me snakka med trenar Eirik Bakke før dagens kamp.





Endeleg er det duka for debut frå start for Kristoffer Valsvik. Det har han venta lenge på! Vikjen kom inn i Stjørdal og markerte seg med det same på midtbana. No skal han få visa seg fram på Fosshaugane, dette blir kjekt!



I dag får me endeleg sjå Per-Egil att i kvitedrakta! Det er mange år sidan sist, og med Flo i gruppa får me verdifull rutine. Per-Egil har berre hatt fire treningar med sine nye lagkompisar, og vil nok trenge litt meir tid før relasjonane på bana er der, men me gler oss veldig til å sjå han i dag!

Det er spelarar som er tilbake frå skade i troppen i dag, då med Eirik Lereng, Renze Fij og Akor. Andreas Hoven er tilbake frå karantene.

Bygda vår har på seg den vakre vårdrakta si, og det blir flott å vera på Haugan i kveld.

Tredje serierunde OBOS-ligaen 2021
Sogndal - Fredrikstad
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 19:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: