Før Avspark

Sogndal - Jerv. Fosshaugane Campus, avspark klokka 15:00

I dag kan me invitera til den 22. runden av OBOS-ligaen 2021, og me tek i mot Sørlandet sitt beste lag, Jerv frå Grimstad!

Me kan endeleg ønskja velkomen til kamp på Fosshaugane utan korona-restriksjonar! Det betyr at dei med sesongkort får setet sitt, og kvardagen er på veg til å bli som før.

Slik går den 22. runden av OBOS-ligaen 2021!

Det er mange spennande og interessante oppgjer. Sju av kampane er i dag med kampstart 15:00, og i morgon er det duka for toppkamp mellom AaFK og HamKam!

Det gjekk ikkje vegen sist mot Åsane, men det var ein del positivt å ta med seg. Slik gjekk det i runde 21

Før dagens kampar har me denne tabellen

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 24 18 1 5 74 39 35 55 V V V V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 24 16 5 3 70 35 35 53 U V U V V
3 Strømsgodset Strømsgodset 24 15 6 3 61 31 30 51 V U V V V
4 Stabæk Stabæk 24 14 3 7 57 31 26 45 T T T V T
5 Odd Odd 24 11 6 7 50 38 12 39 V U T V V
6 Bryne Bryne 24 12 2 10 33 31 2 38 T T V V V
7 Hødd Hødd 24 10 4 10 40 48 -8 34 V U T T T
8 Ranheim TF Ranheim TF 24 9 4 11 61 58 3 31 T U U V V
9 Egersund Egersund 24 8 5 11 36 49 -13 29 U U U T T
10 Lyn Lyn 24 8 4 12 39 49 -10 28 U U V T T
11 Strømmen Strømmen 24 7 5 12 38 55 -17 26
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 24 7 4 13 35 45 -10 25 V U T T U
13 Moss Moss 24 7 4 13 38 54 -16 25 T V T V T
14 Sogndal Sogndal 23 6 5 12 38 53 -15 23 U T T U T
15 Åsane Åsane 24 5 5 14 34 53 -19 19 U U U T T
16 Raufoss Raufoss 23 6 1 16 26 61 -35 19 T T T V T

Sørlendingane kom til Saftbygda i går kveld etter ein lang busstur, og er eitt av laga som har imponert aller mest i årets sesong. Trenar Arne Sandstø har gjort ein fantastisk jobb med dei gulkledde, som per no ligg på 3. plass på tabellen, kun eitt poeng bak Aalesund.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Då me møtte sørlendingane i runde 9, vart det 1-0 til heimelaget.

Me må altså opp på vårt aller beste nivå i dag, og ikkje minst - me må skåra mål!

Sist gjorde me ein positiv andre omgang mot Åsane i Bergen, men gjekk både mållause og poenglause på bussen heimatt. No skal me ta med oss det som var bra i den kampen, og vera skarpare i begge boksane, då skal Jerv få kjenna på det!

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Eirik er optimist før kampen i dag.

Det regna god i frå seg i går, no er det lettskya og litt blått på himmelen over den vakre bygda vår. Under kampen blir det lettskya og rundt femten grader.

I dag håpar me at mange kjem og støttar karane. Det har butta i mot i det siste, men trenarteamet og karane jobbar knallhardt kvar dag for å snu det. Får me litt drahjelp frå vår tolvte mann, kan dette vera dagen då det snur. Me skal i alle fall kjempa med nebb og klør for at poenga blir att i Sogn, og at publikum kan gå heim med eit smil rundt munnen!

Sogndal – Jerv
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15:00

Kjøp billett her

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: