Før Avspark

Sogndal - Nest-Sotra, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18.00

OBOS-ligaen 2019 går no inn i sluttfasen, me gjer oss klare til litt av eit nervedrama på Fosshaugane i kveld!

Me er allereie framme ved runde 25, og i dag er alle sogndøler invitert på gratis kamp når me skal møta tabellnabo Nest-Sotra til strid om særs viktige poeng!

Me møtte strilefolket i runde 25 i fjor óg. Då vart Joachim Soltvedt matchvinnar med straffeskåring heilt mot slutten av kampen. Her er nokre bilete frå oppgjeret som enda 1-0.



Runden
Runde 25 tjuvstarta på Sør Arena i går, der gjestene Sandnes Ulf yppa seg ganske so bra mot opprykksjagande Start. På stillinga 0-1 til pause, tok vår gamle ven Martin Ramsland grep. Han skåra eit ekte hat-trick etter kvilen, og kunne fort stått med fire då han hadde eit spektakulært brassespark som gjekk i tverra og over. Start vann 3-2 og har lagt press på Kvalfangarane før resten av runden som går i dag og på måndag med desse spennande kampane:

Start - Sandnes Ulf 3-2 (spelt laurdag)
Tromsdalen - Kongsvinger kl 15:00
Sandefjord - HamKam kl 15:00
Notodden - Jerv kl 18:00
Raufoss - KFUM Oslo kl 18:00
Sogndal - Nest-Sotra kl 18:00
Ull/Kisa - Aalesund kl 18:
Skeid - Strømmen måndag kl 19:00

Tabellen
Om ein ser på tabellen, og det gjer ein jo titt og ofte, ser me at det skal bli litt av eit rotterace heilt inn. Kven som tek plass fire, fem og seks etter 30. serierunde er heilt opent: Frå KFUM med 40 poeng på fjerde plass og ned til Ull/Kisa på tolvte med 31 poeng er det berre ein skilnad på ni poeng!

Lag fem og seks på tabellen skal møtast på Fosshaugane i dag. Begge har 35 poeng, og gjestene frå Sotra har ein fordel med betre målskilnad, sju mot seks plussmål. Og bak kjem det eit halsande felt med seks lag! Årets kamp om kvalikplassane kan bli episk.

Slik ser det ut før avspark i dag

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Aalesund Aalesund 0 0 0 0 0 0 0 0
2 Bryne Bryne 0 0 0 0 0 0 0 0
3 Egersund Egersund 0 0 0 0 0 0 0 0
4 Kongsvinger Kongsvinger 0 0 0 0 0 0 0 0
5 Levanger Levanger 0 0 0 0 0 0 0 0
6 Lyn Lyn 0 0 0 0 0 0 0 0
7 Mjøndalen Mjøndalen 0 0 0 0 0 0 0 0
8 Moss Moss 0 0 0 0 0 0 0 0
9 Ranheim TF Ranheim TF 0 0 0 0 0 0 0 0
10 Raufoss Raufoss 0 0 0 0 0 0 0 0
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 0 0 0 0 0 0 0 0
12 Sogndal Sogndal 0 0 0 0 0 0 0 0
13 Stabæk Stabæk 0 0 0 0 0 0 0 0
14 Start Start 0 0 0 0 0 0 0 0
15 Vålerenga Vålerenga 0 0 0 0 0 0 0 0
16 Åsane Åsane 0 0 0 0 0 0 0 0

Kom på kamp!
I dag vil me i lag med våre gode samarbeidspartnarar i Sparebanken Vest, Amfi Sogningen, Sognekraft, TruckNor, Sogndal Kommune og Tannlege Bøthun få invitera alle sogndøler til gratis kamp mot Nest-Sotra.

Gå inn her for å bestille billett
Bruk promokode: sogndal2019

Kle deg i Svart og Kvitt, finn fram utestemma og bli med i kampen som vår tolvte mann! Me treng støtta i dag, meir enn nokon gong før denne sesongen.

Runde 25 av OBOS-ligaen 2019
Sogndal - Nest-Sotra
Fosshaugane, Campus Sogndal
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: