Før Avspark

Raufoss - Sogndal. Nammo Stadion, onsdag klokka 18:00

Karane har restituert godt etter kampen på lørdag. I dag skal me kjempa om nye poeng! Me har runde 13 av OBOS-ligaen 2021 i vente, den siste seriekampen på ei god stund.

Me skal møta våre gode vener Raufoss på Nammo Stadion på Toten i dag! 

Slik går kampane i runde 13. 

Det vart jubel og tre poeng på laurdag då me slo Grorud 1-0 på Fosshaugane Campus. Daniel Eid skåra eit flott mål, og Renze Fij stengte buret. Me fekk desse resultata i runde 12.

OBOS-ligaen - 2021 - Resultater - Runde 12.png

Før dagens kampar har me denne tabellen.

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 24 18 1 5 74 39 35 55 V V V V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 24 15 6 3 61 31 30 51 V U V V V
3 Kongsvinger Kongsvinger 23 15 5 3 68 35 33 50 V U V U V
4 Stabæk Stabæk 24 14 3 7 57 31 26 45 T T T V T
5 Odd Odd 24 11 6 7 50 38 12 39 V U T V V
6 Bryne Bryne 23 11 2 10 32 31 1 35 T T V V V
7 Hødd Hødd 24 10 4 10 40 48 -8 34 V U T T T
8 Ranheim TF Ranheim TF 24 9 4 11 61 58 3 31 T U U V V
9 Egersund Egersund 24 8 5 11 36 49 -13 29 U U U T T
10 Lyn Lyn 23 8 4 11 39 48 -9 28 U U V T T
11 Strømmen Strømmen 24 7 5 12 38 55 -17 26
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 24 7 4 13 35 45 -10 25 V U T T U
13 Moss Moss 23 7 4 12 38 52 -14 25 U T V T V
14 Sogndal Sogndal 23 6 5 12 38 53 -15 23 U T T U T
15 Åsane Åsane 24 5 5 14 34 53 -19 19 U U U T T
16 Raufoss Raufoss 23 6 1 16 26 61 -35 19 T T T V T

Dagens motstandar er ein gjeng hardtarbeidande karar som tek poeng jamnt og trutt mot gode lag. Me må difor opp på hesten og vera påskrudde frå start! I fjor tapte me 2-1 på Nammo Stadion.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Kristoffer Nessø spelte for Raufoss då me møtte dei på Toten i fjor. Det vil nok klø ekstra i beina hans i dag, men me ser fram til at Kristoffer blir klar att etter ankelskaden snart.

Karane hadde ein fin tur over fjellet i går, og har overnatta eit lite steinkast frå Mjøsa i natt.

Det er meldt strålande vêr på Toten i dag. Sol og 24 grader gjer at det blir heitt på kunstgraset - og så får me sjå om temperaturen er like høg på sidelinja i år som den var i fjor då me møtte Raufoss. Eirik Bakke gler seg iallefall til å møta kompisen Kai Erik Moen til ny kamp.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Stao no pao!!

Sogndal_runde_13.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: