
Før Avspark
Sogndal - Stjørdals-Blink. Fosshaugane Campus, avspark klokka 17:12
I dag skal me fullføra kampen mot Stjørdals-Blink.

Det er ni dagar sidan kampen i runde 27 av OBOS-ligaen vart stoppa då Emil Pàlsson fekk hjartestans tolv minutt ut i kampen. Det vart ein dramatisk kveld på Fosshaugane.
Når me i ettermiddag klokka 17:12 startar oppatt kampen, veit me at det gjekk bra med Emil. Det er me veldig takksame for.
Kampen i dag er gratis for alle, og me håpar at mange tek turen og støttar karane!
Hent billetten din her
Det blir ein spesiell kamp i dag:
- Det blir dei same kamptroppane som sist.
- Kampen startar oppatt på stillinga 1-0 til Sogndal.
- Kampen startar frå det tidspunktet domaren bles av sist, i det 12. minutt.
- Kampen startar med eit innbytte, og deretter innkast for Sogndal.
Steffen Lie Skålevik står allereie som målskårar i dagens kamp mot Stjørdals-Blink.
- Me må berre gå ut som om det står 0-0 og køyre på, sa Steffen då me snakka med han etter treninga i går.
Det blir ein hard kamp om viktige poeng i dag. Begge laga treng poenga, og trøndarane er eit vanskeleg lag å møta. Karane våre skal kjempa med nebb og klør for at poenga blir att her i Sogndal!
Trenar Eirik Bakke ser fram til kampen i ettermiddag.
I dag er det berre å finna fram sokkabrok og ta på seg hue og vottar. Me er i november og det er både vind og regn, og under kampen skal temperaturen ligga rundt fem-talet.
Runde 27, OBOS-ligaen 2021
Sogndal - Stjørdals-Blink
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 17:12 - merk kamptidspunktet.
Kampen er gratis for alle - hent billetten din her
Stao no pao!!