Før Avspark

Skeid - Sogndal, Intility Arena, Avspark klokka 18.00

Me er klare for den 23. serierunden av årets OBOS-liga. I dag skal me spela på flotte Intility Arena på Valle i Oslo. Skeid er motstandar.

Karane restituerte litt på måndag, og etter ein kampførebuande økt i går, var det å finna godstillinga på bussen til Sveinung. Du blir god til å reisa med buss når du er Sogndal-spelar!

I dag møter me eit Skeid i poengnød. Oslogutane ligg under streken og har ikkje vunne på ei stund. Dei har fått dårleg betalt ut i frå prestasjon, og karane våre må vera på frå start i dag. Me gler oss!

Runden
I dag er det full runde og bånn gass i OBOS-ligaen. Me ser fram mot desse spennande oppgjera:
Tromsdalen - Sandnes Ulf kl 15:00
Aalesund - KFUM Oslo kl 18:00
Notodden - Kongsvinger kl 18:00
Sandefjord - Strømmen kl 18:00
Skeif - Sogndal kl 18:00
Start - Nest-Sotra kl 18:00
UllKisa - Jerv kl 18:00
Raufoss - HamKam kl 18:00

Eurosport har i dag OBOS-ligafest! Les meir om dette her

 

Sogndal - Kongsvinger 25.08.19 Foto - Toril Walker Norheim (17)
Sixten Jensen og Kristoffer Hoven gler seg til kamp (Begge foto: Toril Walker Norheim)



Tabellen før denne runden ser slik ut.

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Strømsgodset Strømsgodset 30 20 6 4 82 36 46 66 V V T V V
2 Haugesund Haugesund 30 21 2 7 86 51 35 65 V T V V T
3 Kongsvinger Kongsvinger 30 18 5 7 84 50 34 59 T V T T T
4 Stabæk Stabæk 30 18 4 8 70 38 32 58 V V V V T
5 Odd Odd 30 14 7 9 60 48 12 49 V T T U V
6 Bryne Bryne 30 14 4 12 46 42 4 46 U T U V V
7 Ranheim TF Ranheim TF 30 12 5 13 74 72 2 41 U V V V T
8 Egersund Egersund 30 11 8 11 50 57 -7 41 U U U V V
9 Strømmen Strømmen 30 11 6 13 52 62 -10 39
10 Hødd Hødd 30 11 6 13 49 59 -10 39 U V T T U
11 Lyn Lyn 30 10 4 16 46 61 -15 34 T V T V T
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 9 6 15 45 59 -14 33 T T V U V
13 Moss Moss 30 9 5 16 44 63 -19 32 U T T T V
14 Sogndal Sogndal 30 8 7 15 48 63 -15 31 U V V T U
15 Åsane Åsane 30 7 5 18 42 68 -26 25 T T V T T
16 Raufoss Raufoss 30 6 2 22 31 80 -49 20 T T T T T

Vêrmeldinga
Me hadde det særs vått sist helg, no har det tørka opp litt og her austafor er det ikkje så gale i dag. Under kampen skal det vera strålande sol og 13-14 grader. Dette blir kjekt!

Kom på kamp!
Me håpar at mange av sogningane i Oslo tek turen og støttar karane i kampen om dei viktige poenga. Det betyr veldig mykje for gutane når dei ser at det står mange i Svart og Kvitt på bortefeltet. 
 

Runde 23 av OBOS-ligaen 2019
Skeid - Sogndal
Intility Arena, Oslo
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: