Før Avspark

Sogndal - Start. Fosshaugane Campus klokka 15:00

Sesongen er i sluttfasen, og i dag er me allereie framme ved årets siste heimekamp i seriespelet.

Det står to kampar att. Me skal ha Start heime i dag og Ull/Kisa borte neste laurdag.

I dag startar alle OBOS-ligakampane klokka 15:00. Det går mot ein spennande laurdag der me kan få avklaring på både opp- og nedrykk i årets OBOS-liga!

Våre vener frå det blide Sørlandet fekk ein trang start på årets sesong, og har nok underprestert ein del tidlegare i år. No ser det ut til at dei gulkledde har funne formen, i dag blir det eit bikkjeslagsmål om poenga!



Steffen Lie Skålevik ser fram til å møta gamleklubben.

Med hjelp frå vår tolvte mann skal me sørga for at dei tre poenga blir att her i Saftbygda. Karane er klare til å gi alt for at me kan gå heim med gode smil rundt munnen i dag.

Renze Fij har spelt godt etter at han vart frisk, og går for clean sheet i dag!





Trenar Eirik Bakke ser fram til kampen.

I går fekk den vakre bygda vår vaska seg skikkeleg, då det var friskt med vind og regn. Skal me tru på Yr, kan me venta oss ein fin dag utpå ettermiddagen. Under kampen skal det vera både sol og rundt sju grader, så møt opp på Fosshaugane Campus og støtt karane!

Runde 29, OBOS-ligaen 2021

Sogndal – Start
Fosshaugane Campus
Avspark kl. 15:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: