Før Avspark

Sogndal - Strømmen. Fosshaugane Campus, måndag 5. juli klokka 18:00

I dag er det full runde i OBOS-ligaen, og etter dagens kampar har me allereie gjort unna 1/3-del av seriespelet. Det var full runde på fredag, då med desse resultata

Strømmen slo Start og me tapte mot Jerv sist fredag
Strømmen slo Start og me tapte mot Jerv sist fredag

Før dagens kampar har me denne tabellen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Brann Brann 30 26 3 1 95 16 79 81 V V V T V
2 Stabæk Stabæk 30 16 10 4 62 28 34 58 V U V U V
3 Start Start 30 16 6 8 63 38 25 54 T V V V T
4 KFUM KFUM 30 15 7 8 61 48 13 52 T T V V U
5 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 14 5 11 54 52 2 47 T V U T T
6 Kongsvinger Kongsvinger 30 13 7 10 43 37 6 46 V V V T T
7 Sogndal Sogndal 30 12 7 11 55 53 2 43 V T T V U
8 Ranheim TF Ranheim TF 30 12 7 11 49 52 -3 43 T V T T T
9 Mjøndalen Mjøndalen 30 13 3 14 39 47 -8 42 T V T V T
10 Fredrikstad Fredrikstad 30 9 8 13 46 51 -5 35 V T V T V
11 Bryne Bryne 30 9 8 13 42 52 -10 35 T V V V T
12 Raufoss Raufoss 30 9 8 13 35 54 -19 35 T T T T U
13 Åsane Åsane 30 8 8 14 42 67 -25 32 T T T V T
14 Skeid Skeid 30 8 4 18 39 54 -15 28 T V T V V
15 Grorud Grorud 30 4 8 18 34 69 -35 20 V T V V U
16 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 30 4 5 21 30 71 -41 17 V T T T T

Serierunde 10 har desse spennande oppgjera

Me tek i mot våre vener frå Strømmen i dag! Det er eit lag me har god statistikk mot heime, og i fjor dundra me til med 3-0 mot dei etter hat-trick av Kristoffer Hoven.





Axel Kryger var uheldig mot HamKam og fekk seg ein smell i hovudet som gjorde at han måtte ta det med ro nokre veker. No er den glade laksen frå Sandnes klartil dyst, og han gler seg veldig til kampen.

Karane våre kom heimatt frå Sørlandet på laurdag, i går var det trening på Fosshaugane. Motgangen på fredag er no historie, det var ein humørfylt gjeng på trening i går som gler seg til dagens kamp!

Strømmen er i dytten etter to sigrar og to uavgjort på dei fire siste. Den rekkja skal me stoppa i dag, og for å klara det må me på med smilet og trøkka til frå første spark, og få ballen i garnet!

Eit regnfullt intervju med trenar Eirik Bakke kan sjåast her

Under kampen skal det vera overskya og god temperatur, kanskje litt duskregn, óg. Det ligg an til ein fin fotballkveld på Fosshaugane!

Kampen blir oppdatert på Firdaliven samt at Sogn Avis og Porten vil óg halda dykk oppdatert undervegs.

Me gler oss til kamp!!

OBOS-ligaen 2021, 10. serierunde

Sogndal - Strømmen
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: