Før Avspark

Sandnes Ulf - Sogndal. ØsterHus Arena, avspark klokka 18:00

I dag er det full runde i OBOS-ligaen! Me går no inn i den siste fasen av seriespelet, i dag skal me spela den 26. runden.

Klokka 18:00 skal me kjempa om viktige poeng mot Sandnes Ulf på flotte ØsterHus Arena!

Slik går kampane i denne runden.

Før den 26. runden har me denne tabellen

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 29 21 2 6 84 48 36 65 U V T V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 29 19 6 4 79 34 45 63 V V V T V
3 Kongsvinger Kongsvinger 29 18 5 6 83 47 36 59 V T V T T
4 Stabæk Stabæk 29 18 4 7 68 35 33 58 U V V V V
5 Odd Odd 29 13 7 9 57 46 11 46 V V T T U
6 Bryne Bryne 29 13 4 12 43 41 2 43 T U T U V
7 Ranheim TF Ranheim TF 29 12 5 12 73 69 4 41 T U V V V
8 Egersund Egersund 29 10 8 11 48 57 -9 38 V U U U V
9 Hødd Hødd 29 11 5 13 49 59 -10 38 T U V T T
10 Strømmen Strømmen 29 10 6 13 50 62 -12 36
11 Lyn Lyn 29 10 4 15 46 59 -13 34 T T V T V
12 Sogndal Sogndal 29 8 6 15 48 63 -15 30 T U V V T
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 8 6 15 42 58 -16 30 U T T V U
14 Moss Moss 29 8 5 16 41 62 -21 29 V U T T T
15 Åsane Åsane 29 7 5 17 41 65 -24 25 V T T V T
16 Raufoss Raufoss 29 6 2 21 31 78 -47 20 U T T T T


Me møtte Sandnes Ulf på Fosshaugane i runde 4. Då vart det 2-2. Me låg under 0-2 til pause, men etter skåringar av Peter Michael og Kristoffer Hoven vart det poengdeling.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Karane reiste flyvegen etter treninga i går ettermiddag. Me hadde ein fin tur, og under mellomlandinga på Flesland møtte me på våre gode vener i Vreid!

Kjekt møte på Flesland!
Kjekt møte på Flesland!

Sist søndag vann me 2-0 mot Strømmen, her er dei andre resultata frå den 25. runden

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godkjensla etter sigeren mot Strømmen sist har vore med gjennom treningsveka, i dag går me for tre poeng mot Bjarne Berntsen og kompani!

Sandnes Ulf sleit ein del i starten av sesongen, men har stigande formkurve. Dei er ikkje lette å slå og står med to uavgjort og to sigrar på dei fire siste kampane. Det skal me gjera noko med i dag!

Med trøkk, entusiasme og innsats skal me ut og sloss for poenga, og alle tre skal heim til Sogn!

Yr kan melda om ein overskya vêrtype under kampen, temperaturen vil ligga rundt tretten grader, og det skal vera frisk bris i Sandnes i dag.

Me håpar at sogningane i området tek turen for å støtta karane i kampen om viktige poeng!
Du kan kjøpa billetten din her

Er du ikkje på stadion ser du kampen på Discovery+ og MAX.
Følg kampen med oppdateringar på Firdaliven

Runde 25 - OBOS-ligaen 2021

Sandnes Ulf – Sogndal
ØsterHus Arena
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!
 

Sogndal_runde_26.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: