For ein fotballdag – for ein fotballfest!

Laurdag 7. februar vart ein dag fylt med inspirasjon, læring og ekte fotballglede i Sogndal.

Dagen starta i Sognahallen der ei gruppe jenter, gutar og keeperar i alderen 13–15 år fekk ei lærerik og inspirerande treningsøkt saman med nokre av Noregs mest kjende fotballprofilar - Brede Hangeland, Petter Myhre og Erik Thorstvedt. Økta gav både spelarar og våre eigne akademitrenarar nyttig påfyll og motivasjon vidare. 

Etter økta vart det fotballprat, bilete og frukt frå Meny Sogndal – ein kjekk møteplass for både små og store fotballinteresserte.

Fokuset på breiddefotballen heldt fram med foredrag på Quality Hotel Sogndal og dialog med fotballprofilane, leia av Jan-Henrik Børslid. Saman med trenarar, føresette og andre fotballengasjerte vart det gode refleksjonar og samtalar om speletid, topping og utvikling. Tilrettelegging for flest mogleg, meistring, klubbretning, trenarrolla og korleis me saman kan skape gode miljø for barn og unge i fotballen, gjekk igjen i diskusjonane. Ein viktig og aktuell samtale for fotballen i regionen vår.

Kvelden vart avslutta med fotballshowet Direkte Rødt!, der salen var fylt av latter, historier og skråblikk på fotballen. Under auksjonen gjekk inntektene til Sogndal United – eit flott bidrag til vidare aktivitet og nye opplevingar for laget. 

Tusen takk til fotballprofilane som delte kunnskap og entusiasme, til alle som møtte opp, og til våre samarbeidspartnarar Sparebanken Norge og Quality Hotel Sogndal som gjorde denne inspirerande fotballdagen mogleg.

Saman skapar me gode fotballopplevingar i Sogndal!
STAO NO PAO!

 

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: