Før kamp: Bryne - Sogndal

Årets siste bortekamp i OBOS-ligaen spelast mot Bryne!

> Runde 29, OBOS-ligaen 2023
> Bryne - Sogndal
> Bryne Stadion
> Avspark: Søndag klokka 15.00

Det er klart for årets siste bortekamp i OBOS-ligaen, og me tek turen til Jæren. Me kan med siger sikra oss kvalifiseringsspel, medan Bryne jaktar 4 poeng bak med same mål. Det blir ein tøff kamp på Bryne Stadion på søndag.

I heimekampen mot Bryne enda det 2-2. Erik Flataker scora sitt fyrste mål for sesongen allereie etter 2 minutt spelt. Valdimar Ingimundarson noterte seg også for scoring frå sin posisjon på midtbana. Måla ser du under:

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Me håpar på meir jubel på Bryne Stadion på søndag. Bryne har vore gode på heimebane i år, og står med berre to tap før deira siste kamp på eige gras. Åsane og KFUM er dei einaste laga som har fått med seg alle tre poenga, medan fire andre har klart eit poeng. Det er ingen tvil om at det blir kamp om poenga også i denne kampen!

K P
12 Sandnes Ulf 30 33
13 Moss 30 32
14 Sogndal 30 31
15 Åsane 30 25

Me håpar at det kjem sogningar og sogndalsupportarar på kamp. Om du er i området håpar me du tek turen til Bryne Stadion for å støtta oss i kampen om viktige poeng. I tillegg spelar Sogndal NG17 mot Bryne på same stadion klokka 11:30 på laurdag. Ta gjerne turen om du har anledning.

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: